Hopp til innhold

Folk gir blaffen i forsikringane

Nordmenn betalar fleire millionar kroner for mykje gjennom dyre forsikringsavtalar i løpet av eit år.

Stephan Teyssere og Silje Andersen

PÅ VAKT: Stephan Teyssere og Silje Andersen studerer forsikringane sine. Mange legg forsikringspapira rett i skuffen utan å lese. No ber både Forbrukarrådet og bransjen sjølv om at folk må bli meir opptekne av forsikringane sine.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sambuarparet Stephan Teyssere og Silje Andersen frå Arendal studerer forsikringsavtalene sine heime i sofakroken. Med eit stort hus og to bilar på parkeringsplassen utanfor er det store verdiar som er forsikra.

– Eg har god kontroll og følgjer veldig godt med for å få ei god og billeg forsikring, seier Stephan til NRK.no.

For kort tid sidan opplevde paret at forsikringsselskapet deira skrudde opp prisen på husforsikringa frå 5000 til 7000 kroner utan å gi beskjed.

– Eg følte meg snytt. Det er ganske sleipt, men eg sa ifrå og fekk ordna det etter litt fram og tilbake. Men det er sikkert veldig mange som ikkje seier ifrå, og som endar opp med å betale, seier Teyssere og smiler til kjærasten.

Stephan Teyssere og Silje Andersen

FULL KONTROLL: Stephan Teyssere og Silje Andersen sjekkar forsikringstilbod på internett.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sjekkar ein gang i året

Stephan reiser seg frå sofaen. Silje blir sittande og sjå på det store akvariet i stova. Fiskar i alle fargar og ein surrelyd frå pumpa.

– Vi får til og med nye fiskar om det skulle skje noko med akvariet slik at dei døyr, smiler Stephan før han går ut av stova.

Det er mannen i huset som har kontroll på forsikringane, og han har verkeleg stålkontroll. Silje vedgår at ho ikkje har heilt oversikt.

– Eg satsar på at Stephan ordnar det, men det er viktig å følgje med, ler ho.

Stephan kjem tilbake med den bærbare datamaskina si i hendene. Han fortel at han sjekkar prisen på forsikringane sine minst ein gang i året.

– Eg vel det billegaste og det selskapet som kan tilby best vilkår. Enkelt og greitt, seier han.

Ifølgje Forbrukarrådet har dei færraste så god kontroll som sørlendingen. Mange let rekningane frå forsikringsselskapa surre og gå i årevis utan å sjekke prisar hos konkurrerande selskap.

– Folk er alt for sløve. Forsikringsselskapa tenar store pengar på sløve forsikringskundar, seier regiondirektør i Forbrukarrådet på Agder, Eirik Nyberg.

Han synsar rundt årsaka til kvifor folk er så lite opptekne av forsikringane sine. Han lener seg tilbake i kontorstolen og legg beina i kryss medan han funderer.

– Det eine trur eg er latskap. Så er det nok nokon som har teknologiske vanskar gjennom telefon og internett. Men det er det jo mogleg å få hjelp til, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Få skifta forsikring

Regiondirektøren blar gjennom ein bunke med saksdokument på kontoret sitt i Kristiansand. Han er på jakt etter eit dokument som omhandlar ei forsikringssak.

– Eg kan ikkje finne det. Eg har nok lagt det ein annan stad. Det blir mange saker og mykje papir, ler han.

Også når det gjeld forsikring får Forbrukarrådet inn saker frå fortvila kundar.

– Men mange er sjølvsagt veldig opptekne av innhaldet i forsikringa si den dagen det skjer noko. Då er det ofte for seint. Innhaldet er ofte ganske likt, men prisen er ganske ulik, seier han.

I 2011 skifta berre 13 prosent av forsikringskundane forsikring. Nyberg meiner det fins to grupper. Nokre få er veldig opptekne av forsikringane og sjekkar prisane opp mot andre selskap jamt og trutt. Den andre gruppa skiftar langt sjeldnare, nokre aldri.

– Det kostar deg så lite å sjekke. Set av litt tid, ta deg ei runde på nett. Til dømes finansportalen.no der du kan samanlikne prisar og vilkår enkelt. Det kostar så lite, men du kan spare så mykje, seier han.

– Heilt bak mål

Forsikringstilbod

TILBOD: Det er enkelt å sjekke prisar på nettet. – Det er så enkelt og du kan spare så mykje, seier Forbrukarrådet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ei oversikt frå Finansbarometeret i fjor viser at aldersgruppa 30–44 år skiftar selskap litt hyppigare enn andre. 16 prosent av forsikringskundane i denne aldersgruppa skifta selskap i fjor. Aldersgruppene 18–29 år og over 60 var nede i 11 prosent i 2011. Forbrukarrådet meiner at folk kan spare tusenvis av kroner på å byte forsikringsselskap.

Når du skal ut for å skaffe deg ei forsikring opplever mange å få eit godt introduksjonstilbod og kastar seg på. Tidlegare var det berre lov til å skifte forsikring ein gang i året. No kan du skifte når som helst. Men etter eitt år opplever ein ofte at prisane stig, slik sambuarparet i Arendal opplevde.

– Det er ganske frekt rett og slett. Det er heilt bak mål. Utan å seie ifrå er det som å snyte folk for pengar, seier arendalsparet.

– Før du veit ordet av det går du frå å ha det billegaste til å ha det dyraste. Difor er det så utruleg viktig å vere på vakt, seier Nyberg i Forbrukarrådet.

Leif Osland, kommunikasjonsdirektør Finansnæringens Fellesorganisasjon

PÅ VAKT: Leif Osland i FNO meiner folk bør vere meir på vakt når det gjeld forsikringane sine.

Foto: Johan B. Sættem

Forsikringsselskapa står heilt fritt til å justere prisen som dei vil. Men det skal det opplysast om i forsikringspapira. Spørsmålet er om alle les forsikringspapira som dumpar ned i postkassa.

– Noko av problemet er ofte at folk legg forsikringspapira rett i skuffa, og det er ikkje lurt, seier kommunikasjonsdirektør Leif Osland i Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNO).

Organisasjonen representerer 180 ulike finansføretak, blant anna forsikringsselskap.

– Titusenar å spare

For ein gjennomsnittsfamilie trur både Forbrukarrådet og nettstaden Finansportalen.no at det er mange pengar å spare på å sjekke forsikringane. Det fins ikkje eit eksakt tal på kva ein gjennomsnittsfamilie skal liggje på.

– Eg er glad det vert fokus på dette området, seier Jon Erland Madsen som er forsikringsansvarleg på finansportalen.no på telefon.

Han har nett avslutta eit møte og blir kasta rett inn i temaet. Eit tema han kan mykje om.

– Eg har høyrt i bransjen at det ligg på cirka 12 000 kroner i året, men det er veldig vanskeleg å fastslå eksakt, seier Madsen.

Heller ikkje Forbrukarrådet kan slå fast kva som er vanleg å betale for ein gjennomsnittsfamilie. Men Eirik Nyberg er overbevisst om at det er mange pengar å spare for ein del familiar. Kanskje kan nokre familiar spare pengar tilsvarande ein sydentur.

– Det blir veldig individuelt, men eg tippar at mange familiar kan spare titusenar. Det handlar berre om å setje seg ned å samanlikne tilbod. Så er eg sikker på at mange får seg eit lite sjokk, seier Nyberg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vil ha aktive kundar

– Folk burde vere meir aktive i forhold til forsikringane. Det er freistande for mange å legge papira bort utan å reflektere over det. Då oppdagar du kanskje kor god eller dårleg forsikringa er først etter at skaden har skjedd, seier Leif Osland i FNO.

Forbrukarrådet har sjølv teke tak i utfordringane knytt til forsikring. Målet er å gjere det enklare for folk å finne dei billegaste forsikringane. Det har altså resultert i nettstaden finansportalen.no.

– Her kan folk enkelt gå inn, leggje inn opplysningane sine og få opp tilbod frå ulike forsikringsselskap. Det er enkelt å samanlikne og få det beste tilbodet, seier Madsen.

Tal frå i fjor viser at forsikringsselskapa sat att med opp mot 30 prosent etter at alle utbetalingar var gjort. Forsikringsansvarleg i finansportalen.no, Jon Erland Madsen, meiner det er eit teikn på at mange betalar for mykje for forsikringane sine.

– Det har kanskje noko med at vi ikkje er så veldig glade i å byte forsikring eller bank. Vi ser ofte føre oss at det er litt krunglete og vil gjere oss ferdige, for så å bli ferdige med det og la det rulle og gå, seier Jon Erland Madsen i finansportalen.no.

Eirik Nyberg, Forbrukerrådet

FOKUS: Eirik Nyberg i Forbrukarrådet rår folk til å sjekke pris og vilkår på forsikringane. – Det kan vere tusenvis å spare på å ta ein rask sjekk, seier han.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Desse forsikringane kan du droppe

Smarttelefon

DROPP: Både Forbrukarrådet og forsikringsbransjen er kritiske til eiga forsikring av mobiltelefonar, fjernsyn og andre tekniske duppedittar.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Både Forbrukarrådet og forsikringsbransjen er samde om at det er enkelte forsikringar du kan droppe. Elektronikkbutikkar tilbyr ofte forsikring på mobiltelefon, fjernsyn eller andre tekniske duppedittar. Men dette kan vere bortkasta pengar.

– Du betalar ganske mykje. Det er ikkje mykje om å gjere at det hadde lønt seg å kjøpe to datamaskiner. Er du i tvil kan du berre droppe det. Vi må hugse på at både butikkane og seljaren tener pengar på det. Det er ikkje for å vere snill med deg, det er for å tene pengar, seier Nyberg i Forbrukarrådet.

Også FNO meiner at det ofte løner seg å droppe slike forsikringar.

– Det blir fort dyrt om du skal ha ekstra forsikring. Det kan nok vere lurt å ha betre dekning på innbuforsikringa som er meir generell, seier Osland i FNO.

I Arendal sit Stephan føre datamaskina. Silje står bak og føl med. Han går inn på nettsida til forsikringsselskapet sitt, som sjølvsagt reklamerer med gode tilbod.

Sambuarparet i Arendal har bevisst droppa å forsikre fjernsyn, akvarium og datamaskiner, sjølv om det er dyre gjenstandar.

– Innbuforsikringa dekkjer det meste. Her kan du spare pengar om du er nøye på å sjekke kva forsikringa di dekkjer, seier dei.

Mange er dobbelforsikra

Dobbeltforsikring er også tema hos Forbrukarrådet. Gjennom arbeidsgjevar og organisasjonar, som du er medlem av, følgjer det ofte med forsikring, eller du kan få gunstige avtaler.

– Det er ikkje noko poeng i å vere dobbeltforsikra. Det er bortkasta. Då bør du droppe den eine. Då er det viktig å sjekke kva forsikring som er den beste, seier Nyberg i Forbrukarrådet.

I dei aller fleste tilfelle får du berre utbetalt ein forsikringssum dersom uhellet er ute. Du får altså ikkje dobbelt utbetaling sjølv om du har to forsikringar som dekkjer det same.

– Det er nok mange som kan spare tusenvis på å sjekke kva forsikringar ein har gjennom til dømes arbeidsgjevar.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %