Hopp til innhold

– Oljebyen blir mindre dominerande

Tidenes norske oljefunn kan ha blitt oppdaga i Nordsjøen, og naturleg nok er optimismen stor i oljebyen Stavanger. Likevel meiner leiarar i industrien at Stavanger sin posisjon som «oljehovudstad» stadig blir svekka.

Oversiktsbilde av Gladmatfestivalen 2010 i Stavanger

OLJEHOVUDSTADEN: Med Statoil og Oljedirektoratet går Stavanger for å vera oljehovudstaden i Norge.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Torgeir Anda,

FLYTTA FRÅ STAVANGER: Oljeselskapet Det Norske la i vår ned kontoret sitt i Stavanger. Torgeir Anda i selskapet seier det er viktigare å vera representert i nordområda.

Administrerande direktør Torstein Sannes og sjefsgeolog Hans Christer Rønnevik i oljeselskapet Lundin har for ikkje lenge sidan funne delar av det som kan visa seg å bli det største oljefunnet nokon sinne på norsk sokkel. Avaldsnes/Aldous Major rett vest for Stavanger.

Likevel sit dei to nøgde mennene langt vekke frå Nordsjøen og oljebyen Stavanger.

«Oljeskuggen» på Austlandet

– Me trivst godt her i «oljeskuggen», seier Sannes spøkjefullt og ler. Rundt kontoret deira på Lysaker er det fleire store oljeaktørar som held til, mellom anna Statoil si hovudavdeling i Oslo, Aibel og PGS Oslo.

Inne i kontorlokala står ein bukett som har kome heile vegen frå Stavanger.

– Det er avtroppande Stavanger-ordførar Leif Johan Sevland som gratulerer oss med funnet, seier Rønnevik.

Som ordførar i Stavanger i 16 år har Sevland vore faneberar for omgrepet «oljehovudstaden». Han har fleire gonger understrekt at ein ikkje kjem utanom Stavanger om ein vil involvera seg i den norske oljeindustrien.

– Omgrepet på veg vekk

Mennene i Lundin er ikkje like sikre på kor riktig det er å kalla Stavanger for «oljehovudstad» lenger, trass det nye funnet:

– Omgrepet er nok litt på veg vekk. Tida me nå er inne i er prega av IT og kommunikasjon som gjer at det ikkje lenger er like viktig kor du er reint geografisk. Me opplever oftare og oftare at det kjem folk frå Stavanger som vil jobba her i Oslo, seier Sannes.

– Kor mange gonger har de vore i Stavanger etter funnet?

– Me har vore der eit par gonger i møter med Statoil og Oljedirektoratet, men dette er verken meir eller mindre enn det me normalt er.

Det er kjent at Lundin også ønskjer seg operatørjobben på det nye feltet, og då må ta opp kampen mot Statoil, med hovudkontor i Stavanger.

– Det vil ikkje vil vera aktuelt for oss å flytta til Stavanger, heller ikkje dersom me blir operatørar på feltet, seier Sannes.

Likevel understrekar dei at dei gjennom sitt samarbeid med Acona, som leverer boretenester til Lundin, på sett og vis allereie er til stades i Stavanger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vekk frå Stavanger

Oljeselskapet Det Norske er også ein deleigar i det nye storfunnet. Dei la i vår ned avdelinga si i Stavanger.

Pressetalsmann Torgeir Anda seier at dette ikkje var eit feilgrep, trass i at nordsjøfunnet kan visa seg å vera det største på norsk sokkel nokon sinne:

– Slik me ser det er det viktigare å vera til stades i nord enn det er å vera til stades i Stavanger. Stavanger bør vera glade for at oljenæringa blir spreidd rundt om i landet, seier Anda.

Han vaks sjølv opp i Stavanger, og meiner at omgrepet «oljehovudstad» ikkje er eit like relevant omgrep lenger.

– Eg opplever at fleire i Stavanger uroar seg for at Stavanger skal bli mindre dominerande enn dei allereie er, det meiner eg at det ikkje er grunn til, seier Anda.

Han legg spøkjefullt til at det einaste folk i Stavanger bør vera urolege for er fotballaget Viking, som har gjort ein svært dårleg sesong.

Video Det første oljefunnet i Nordsjøen

VIDEO: Stemninga var på topp då det blei gjort oljefunn i Nordsjøen litle julaftan 1969. Videosnutten er tatt frå dokumentaren 'Askeladden i oljeeventyret'.

Viktigaste petroleumsfylke

Sjølv om ikkje alt som har med olje å gjera lenger skjer i Stavanger-området, slår likevel ein rapport utvikla av Menon fast at Rogaland framleis er det viktigaste petroleumsfylket i landet.

Dette baserer dei på den geografiske fordelinga av sysselsetjinga innan olje- og gassnæringa.

Meir enn 40 prosent av dei som jobbar innan olje jobba i Rogaland-selskap i 2009. Den geografiske fordelinga av sysselsetjing baserer seg på kor bedrifta har hovudkontor, ikkje kor arbeidet reint faktisk blir utført.

Sysselsetjinga innan olje- og gassnæringa i norske fylke

 

Sysselsetting leverandørindustrien 2009 (i 1000)

Sysselsettingsvekst 2000 - 2009 (prosent)

Rogaland

41,1

114

Hordaland

19,3

186

Akershus

12,5

118

Møre og Romsdal

9,1

84

Vest-Agder

5,9

416

Sør-Trøndelag

5,0

81

Oslo

4,8

-22

Buskerud

3,8

68

Vestfold

3,7

173

Telemark

2,9

702

Aust-Agder

1,9

-14

Sogn og Fjordane

1,0

-15

Nordland

1,0

-1

Nord-Trøndelag

0,9

397

Troms

0,5

180

Finnmark

0,3

147

Østfold

0,2

183

Hedmark

0,1

85

Oppland

0,1

5

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Menon – 'Ære vere – vurdering av offshore leverandørindustriens bidrag til økt ressursutnyttelse på norsk sokkel'.

Torfinn Ingeborgrud

VIL KVITTA SEG MED OLJESTEMPELET: I bystyret i Stavanger sit Torfinn Ingeborgrud for Miljøpartiet dei grøne. Der vil han jobba for at byen skal leggja omgrepet «oljebyen» bak seg.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Like negativt som «tobakksbyen»

Å mista namnet «oljehovudstad» vil ikkje vera like ille for alle i Stavanger. Før storleiken på Avaldsnes/Aldous Major var kjend gjekk Torfinn Ingeborgrud til val for Miljøpartiet dei grøne i Stavanger.

På partiprogrammet sto det at dei ville jobba for at Stavanger skulle leggja omgrepet «oljebyen» bak seg.

Mot alle odds blei Ingeborgrud valt inn i bystyret, og kort tid etter blei det kjent at det nye oljefunnet kanskje var på storleik med Statfjord, Norges hittil største funn.

– Eg fekk ei veldig dårleg kjensle då desse funna blei offentleggjort. Stadig vekk ser eg i avisene at politikarar og næringslivsleiarar gler seg over at me nå skal køyra på med meir olje, seier Ingeborgrud som helst vil at olja skal bli liggjande under bakken til seinare generasjonar.

Universitetsbygget han underviser i er kalla opp etter Arne Rettedal, som var ordføraren som jobba for at Statoil og Oljedirektoratet i si tid skulle etablera seg i Stavanger. Ingeborgrud er ikkje glad i merkelappen detta gav byen hans.

– Her i Stavanger er det kult og barskt å heita ”oljebyen”, men andre stader i Norge og i Europa elles får dette ein veldig negativ klang etter kvart. Det blir omtrent som å kalla seg «tobakksbyen» eller «kreftbyen», dessverre, seier Ingeborgrud.

Så vil det visa seg kor stort det nye oljefunnet i Nordsjøen vil bli, og kva det vil få å seia for oljeeventyret i Stavanger og i resten av landet.