Hopp til innhold

Oljefruene håpar på ny boom

– Dette er nok noko bestemor mi kunne vore med på, men eg tykkjer det er greitt, seier Stacy Brock Stepler. Ho er medlem av oljefrueklubben PWC, som stort sett er for heimeverande kvinner med menn som jobbar i olja.

Video Oljefruene frydar seg etter nytt funn i Nordsjøen

VIDEO: Med menn som jobbar i olja har oljefruene ein svært uviss kvardag. Nå håper dei at det nye oljefunnet i Nordsjøen kan tryggja ei framtid for oljemennene og konene deira i Stavanger.

May Fjetland Field

May Fjetland Field er president i PWC, ho håper det nye oljefunnet kan gje oljefruene ei viss framtid i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

På ein kafe i Sandnes sit Caffè latten og lotten laust.

Dei tre kvinnene som er samla rundt det eine bordet er alle medlem av den tidlegare svært så eksklusive klubben Petroleum Wives Club (PWC).

Ein frueklubb fri for frustrasjon. I alle fall etter det gigantiske oljefunnet som har blitt gjort i Nordsjøen. Eit oljefunn som kan tryggja arbeid for mennene deira i oljebyen Stavanger i lange tider framover.

Kvinnene flyttar med mennene

– Frueklubben er eigentleg ein frisone for oljeprat, men det er klart at dette gler oss, seier president i PWC May Fjetland Field (58).

Oljefruene har to faste møter kvar månad. Her har det gjennom fleire tiår blitt sysla med alt frå å spela bridge, arrangera moteframsyningar, driva med handverk eller berre prata saman.

Alt dette medan mennene deira er på forretningsreise med eit oljeselskap, jobbar på eit kontor eller er ute på ein oljeplattform i Nordsjøen.

Bak ein kvar stor mann står ei kvinne heiter det.

– Det er riktig at klubben baserer seg på eit gamaldags kjønnsmønster, men i ein svært uviss oljeindustri blir det ofte til at kvinnene flyttar med mennene der det er arbeid, seier Fjetland Field og ser bort på veninnene sine.

Stacy Brock Stepler (33) frå Houston i USA og Marina Klarholm Laland (75) frå Saskatchewan i Canada har begge hamna i Stavanger. Dei epresenterer kvar sin ende av oljehistoria i landet og kvar sin del av klubben si historie.

– Då olja kom til Norge i 1970 eksploderte det i Stavanger. Det strøymde til oljearbeidarar frå alle kantar, svært mange kom frå USA, seier Laland med ein norsk-amerikansk som vitnar om at olja har gjort Rogaland til ein internasjonal region.

Med oljearbeidarane kom fruene, og allereie i oljeboomens første år blei PWC oppretta av tre oljefruer i Stavanger. Laland var allereie i Stavanger då oljeselskapa kom, og var til stor hjelp for dei amerikanske familiane med praktiske ting. Ho blei derfor krona til æresmedlem av PWC:

– Alle spøkte med at eg var her før olja. Eg var ikkje her før olja, berre før dei fann ho, seier Laland og ler.

På 70- og 80-talet besto klubben på det meste av meir enn 900 oljefruer, som i tillegg til å spela tennis, arrangerte store Halloween-, Thanks Giving- og 4. juli-feiringar i Stavanger, som hadde gått frå å vera fattig sardinby til å bli ein internasjonal oljehovudstad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Framleis flest oljefruer

Men i oljebransjen er ingenting visst. Varierande oljeprisar har gjort at kvinner har kome og reist ettersom oljeprisen og aktiviteten har svinga. Dei seinaste åra er det flest som har reist.

Stavanger er ikkje slik den ein gong var. Du finn ikkje lenger amerikanske koloniar i bustadstroka, alle viktige oljeselskap held ikkje lenger til her og det har blitt så dyrt å leiga lokale i byen, at PWC nå må halda medlemsmøta sine i nabobyen Sandnes.

– Me er om lag 120 kvinner i alle aldrar som er medlemmar av klubben nå. Me har også fått nytt namn, nå står ikkje lenger PWC lenger for Petroleum Wives Club, men for People Who Connect. Dette gjorde me for å opna klubben for alle, seier presidenten May Fjetland Field.

Ho understrekar likevel at dei aller fleste medlemmane framleis er av den tradisjonelle sorten, altså heimeverande oljefruer.

Video Stavanger blir "oljehovudstad"

VIDEO: NRK dokumentaren 'Askeladden i oljeeventyret' frå 2003 viser korleis Stavanger blei 'Oljehovudstad'.

– Godt å ha nokon å snakka med

Snart skal dei tre kvinnene vidare frå kafeen til det sedvanlege «Coffee Morning»-treffet, der dei i dag skal diskutera helgas salsmesse. Her vil dei ikkje ha med seg journalistar, for å verna om oljefruene sin privatsfære.

Stacy Brock Stepler på 33 år fortel likevel openhjarta, om kvifor ho er medlem:

– Eg kom her på grunn av mannen min som fekk ein kontraktjobb for to og eit halvt år sidan. Først var det veldig einsamt, men så kom eg over PWC kor eg kan treffa nye folk frå heile verda. Det er kjekt å ha andre og snakka med enn berre å snakka med jentungen min om daglegvarer, seier ho.

Gjennom klubben har ho blitt kjend med fleire småbornsmødrer i same situasjon som ho. Klubbmedlemmane kjem frå USA, England, Skottland og mange andre stader.

Stacy er nå med på å arrangera klubben sine kaffi morgonar, ho er med i klubben si lesegruppe og dottera er med i småbarnsgruppa Tippy Toes. Ho vurderer også å byrja med handverk.

Stacy Brock Stepler

Stacy Brock Stepler (33) frå USA er heimeverande med dottera si, ho veit heller ikkje kor lenge ho og mannen kjem til å bu i Stavanger. Det er det oljeselskapet mannen jobbar i som avgjer.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Opp til oljeselskapet

– Dette er nok noko bestemor mi kunne vore med på, men eg tykkjer det er greitt, seier ho og ler.

I Houston jobba ho, men i Norge har ho latt vera med å søka jobb:

– Eg saknar det å jobba litt. Eg veit ikkje kvifor eg ikkje har søkt jobb her, det er vel fordi det er enklast å la vera, seier Brock Stepler på vaskeekte amerikansk.

Nå håper ho at det nye funnet i Nordsjøen kan forlengja opphaldet til mannen her i Stavanger:

– Me får nesten berre venta å sjå kva som skjer. Me er her på oljeselskapet sine premiss, så får me sjå om dette kan opna for eit lengre opphald i Stavanger, seier ho og smilar.

Mange ville hatt det fælt utan PWC

Blant dei yngre medlemmene i klubben er det ofte den språklege barberen som er årsaka til at kvinnene ikkje søker jobb. I PWC blir det berre snakka amerikansk slik at alle skal bli inkluderte, og småbarnsmødrene kan ta med barna.

Derfor spelar PWC ei langt viktigare rolle enn berre kaffi og slabberas for oljefruene meiner presidenten:

– Eg veit at det er mange som ville hatt det ganske fælt her om det ikkje var for oss. Når ein går heime aleine med ein mann som jobbar mykje og er mykje vekke kan ein lett bli deprimert, seier Field.

Ho seier vidare at situasjonen oljeselskapa ofte sett familiar i, med ei svært uviss framtid, kan vera ei påkjenning:

– Du veit kanskje at du skal vera i byen i eitt år, så blir det kanskje berre eit halvt. Ein kan aldri vita kva som skjer, oljeselskapa gjer for det meste som dei vil, seier ho.

Men det nye gigantiske oljefunnet i Nordsjøen, Avaldsnes/Aldous Major, gjer at det nå ser lyst ut for oljekvinnene i Stavanger. I alle fall for ei stund:

– Me håper at det nye funnet, og aktiviteten som vil følgja, sikrar ei lang framtid for klubben i Stavanger, og sjølvsagt for medlemmane, seier president i PWC, May Fjetland Field (58), medan veninnene rundt bordet nikkar samtykkjande.

For sjølv om Houston er ein større by enn Stavanger, og ein endå større oljehovudstad, har Brock Stepler funne seg godt til rette her nå:

– Her er det korte avstandar og alt er rundt deg, det har sin sjarm, seier den amerikanske kvinna og smilar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.