Hopp til innhold

Slaktar norsk matkultur

Gnitne pizzaetande nordmenn trugar finare restaurantar. Me er meir opptatt av pris enn kvalitet, meinar kokkar.

Sven Erik Renaa

FÅ FAMILIAR: Den prislønte kokken Sven Erik Renaa driv Renaa restaurantar i Stavanger, han meiner det er for liten kultur for at familiar går ut for å eta på restaurant i landet.

Lauritz Hansen og Ingrid Espelid Hovig

FORSTÅR IKKJE KVALITET: Tidlegare leiar for Gastronomisk Institutt Lauritz Hansen, her saman med Ingrid Espelid Hovig, meiner at nordmenn manglar forståing for kvalitet.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Nordmenn hamstrar inn kokebøker, les vinspalter, kjøper matblad og byter ut gamle komfyrar med kulinariske vidundermaskiner i eige kjøkken.

Å gå på restaurant for å eta sit likevel lenger inne. ... Så lenge ikkje jobben betaler:

Restaurantar går med underskot

– Me er nok litt forsiktige når det kjem til mat. Pris har selvfølgeleg noko å seia. Mange vil nok føla at det må vera eit spesielt høve for å gå på restaurant privat, seier den prislønte kokken Sven Erik Renaa.

Han driv Renaa restaurantar i oljebyen Stavanger, som kan by på det meste innan mat. Byen går for å vera hovudstad i matfylket Rogaland som husar Gastronomisk Institutt, fleire matfestivalar, gode råvareprodusentar og kokkar i stjerneklassen.

Likevel opplever byen nå restaurantkrise der meir enn halvparten av serveringsstadene går med underskot. Dette skuldast delvis matkulturen i landet meiner Renaa:

– Me har ein heilt annan kultur enn til dømes latinske land. Forretningsfolk på kveldstid og i lunsjen utgjer nok 60 til 70 prosent av serveringa vår, seier han og legg til at det å gå på restaurant er meir ein jobbting i Norge.

Annleis i utlandet

På Steam kaffibar i Stavanger sentrum sit Unni Evang og Anne Beth Jakobsen. Det er sein føremiddag og dei kosar seg i sentrumskafeen.

Dette er i same tidsrom som arbeidande kvinner og menn lenger sør i Europa sit og et ein kraftig lunsj, medan nordmenn heller nyt eit rundstykke og ein kopp kaffi.

Jacobsen og Evang som ofte går på kafe seier at det sjeldan blir restaurantbesøk.

– Det er ganske dyrt å gå ut og eg føler ofte at det ikkje gjer meg noko særleg, seier Evang.

– Men om de er ute og reiser til dømes Frankrike eller Spania, går de ikkje ut å et då heller?

– Jo, då er me ute å et heile tida, seier dei to kvinnene samstemt.

Kvifor er det slik?

– Det er så mykje lettare, du stikk berre innom, sett deg ned og så får du velja frå ein herleg meny. Det er òg på grunn av at det er fleire folk der borte som faktisk går ut. Du sit omgitt av vaksne, eldre og barn. Det er ein større del av kulturen.

Oversiktsbilde av Gladmatfestivalen 2010 i Stavanger

MATBYEN STAVANGER: Vågen i Stavanger under den årlege matfestivalen Gladmat i 2010. Halvparten av restaurantane i denne byen går med underskot.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

– Pris er viktigare enn kvalitet

Renaa trur kostnaden er hovudgrunnane til at vanlege folk sjeldan finn vegen til borda hans.

– Mange meiner restaurantprisane er veldig høge i Norge, noko dei eigentleg ikkje er. Om ein går på tilsvarande restaurantar andre stader i Europa vil ein oppdaga det. Skal ein klare å overleva i Norge, må ein ha desse prisane, og det er på dei dyraste restaurantane marginane er lågast, seier Sven Erik Renaa.

Han meiner prisane dei har er nødvendige for å overleva. Han seier òg at om ein skal bli rik på å driva med mat, er det betre butikk i ei billig hamburgarsjappe enn ein gourmetrestaurant som hans eigen.

Renaa får støtte frå tidlegare leiar av Gastronomisk Institutt Lauritz Hansen:

– Det er ein grunn til at hovudmåltidet til nordmenn flest er pizza, og til at Grandiosa sel som hakka møkk. Me har nok ei for låg forståing av kva kvalitet her i Norge og at kvalitet koster, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.