Hopp til innhold

– Nordmenn meir opptekne av god mat no enn før

Nordmenn har vorte flinkare til å bruke gode råvarer, medan restaurantane framleis bruker mykje halvfabrikata, hevdar meisterkokk Eyvind Hellstrøm.

Eyvind Hellstrøm

Eyvind Hellstrøm presenterte i dag boka «Bagatelle. Hellstrøms siste måltid» om tida på Bagatelle.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

I dag lanserte Eyvind Hellstrøm boka Bagatelle. Hellstrøms siste måltid, som oppsummerer hans nesten 30 år ved restauranten Bagatelle.

– Eg trur nok at veldig mange bryr seg meir om å ha gode måltid, og bryr seg om kva dei et. Og dei orienterer seg meir mot naturlege råvarer, som fersk fisk og ferske grønsaker, og hoppar over industriprodukt, seier Eyvind Hellstrøm.

Folk meir medvitne no

Eyvind Hellstrøm

Gode råvarer er viktig for Hellstrøm.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

I løpet av dei tretti åra han har vore i kokkeeliten i Noreg, har det skjedd mykje med norsk matkultur. Dei mange kokebøkene som har kome på marknaden, har gjort folk meir matmedvitne, trur Hellstrøm.

Han meiner folk sjølv må vere medvitne om matkvalitet, fordi ein ikkje kan vite kva som er i maten industrien produserer.

– Industrien tek ikkje ansvar for folkehelsa, dei køyrer berre på med det dei har, for å få selt elendet.

Hellstrøm er no inne i sin tredje sesong der han ryddar opp i norske restaurantar på tv. Og dei er ikkje like opptekne av gode lokale råvarer som folk flest.

– Det er nedslåande å kome til restaurantar som ligg heilt ute i havgapet, der dei tyr til frosenfisk, det er paradokset her, seier Hellstrøm.

Ikkje luksus kvar dag

Det er snart eitt år sidan Eyvind Hellstrøm skrudde av komfyren på Bagatelle for siste gong. I dag kjem boka der han tek oss med inn på kjøkkenet til den kjende gourmetrestauranten, med det siste måltidet som ramme.

Eyvind Helstrøm på Bagatelle

Meisterkokken Eyvind Hellstrøm i sving på Bagatelle i 1998, med retten 'småsei med kaviar og kamskjell og pepparsaus'.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Vi får servert historia til Bagatelle, som hadde to stjerner i Michelin-guiden, ispedd tankane til Hellstrøm omkring mat og måltid. Han er oppteken av at det gode måltidet er ikkje berre reservert for festdagane.

– Når ein snakkar om det gode liv skal det ikkje nødvendigvis vere luksusmat på bordet. Ingenting er meir fjernt frå meg enn at det skal vere luksus kvar dag. Dersom ein har kaviar kvar dag, smaker det ikkje godt lenger, seier Hellstrøm.

I tillegg inneheld boka oppskrifter, der alle med unntak av ei ifølgje Hellstrøm er svært enkle.

– Eg trur det er viktig å fortelje om gleda ved det gode måltidet, ikkje berre gje ut kokebøker, men å setje det i ein litt større samanheng, seier Eyvind Hellstrøm.

Eyvind Hellstrøm

Eyvind Hellstrøm vart utnemnt til ridder i den franske Æreslegionen, Chevalier de la Legion d Honneur. Ordenen vart delt ut av den verdenskjende kokken Paul Bocuse.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Kva skal vi ha til middag?

Trass i at han oppnådde to stjerner i Michelin-guiden , er med i juryen i kokkekonkurransen Bocuse d'Or og ridder av den Franske Æreslegionen, slit Hellstrøm med det same spørsmålet som alle oss andre: Kva skal vi ha til middag i dag?

– Eg tenkjer på det kvar dag, det er ein viktig del av kvardagen. Det er ein av dei første tinga eg tenkjer på når eg startar dagen, kva skal eg ha til middag i dag, og kven kjem til middag.

– Kva står på menyen hjå deg i dag?

– På menyen i dag står lutefisk.

Synest du nordmenn har vorte meir medvitne om kvaliteten på maten vi et?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.