Hopp til innhold

Mobiliserer i kampen mot rekruttering til IS

Haugesund kommune, ungdomsrådet og politiet arrangerer i ettermiddag møte på rådhuset om ekstremisme og radikalisering.

Petter Steen jr.

Haugesundsordførar Petter Steen meiner det er viktig å samla alle gode krefter i kampen mot ekstremisme. Bilete er frå opninga av Den norske filmfestivalen i byen tidlegare i år.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Forrige veke blei det kjent at to personar som kom til Haugesund som innvandrarar tidleg i tenåra, har reist til Syria for å slutta seg til terrororgaisasjonen IS.

Ordførar Petter Steen i Haugesund seier dette er ein av grunnane til at han har tatt initiativ til møtet.

– Dette fenomenet er ikkje berre noko som er i Oslo-gryta. Me har ungdommar som er på veg i feil retning også elles i landet. Derfor synst eg det er viktig at me i Haugesund gjer det same som dei gjorde 1. september i Oslo, nemleg å samla gode krefter til felles mobilisering, seier ordføraren.

Han seier møte i bystyresalen er for alle som er interessert i temaet, men spesielt for dei som jobbar med barn og ungdom.

– Her er folk frå skuleverket, frå barnevernet og mange ulike delar av samfunnslivet, seier Steen.

– Alle gode krefter må bidra

Edgar Mannes

Politiinspektør Edgar Mannes.

Foto: Ness, Jan Kåre / Scanpix

Tom Olsen er tidlegare nynazist. For 15 år sidan var han ein som blei sett på som ekstremist.

Han meiner ekstremisme og det ein ser nå i Syria er noko ein på ta på aller største alvor.

– Alle gode krefter i samfunnet må vera med å bekjempa dette.

Olsen er ein av dei som skal halda innlegg på møtet i ettermiddag.

– Hovudpoenget mitt er at me må vera tilstades overalt. Då tenker eg ikkje berre på politi eller offentlege styresmakter, men på foreldre og andre vaksne. Me må vera til stades på alle arenaer kor det er barn og unge, seier han.

Politiet: – Folk som leikar med tankane

Politiinspektør Edgar Mannes seier Norge, i forhold til folketalet, er blant landa som har flest som har reist til Syra for å kjempa for IS.

– Me veit at det lokalt er folk som leikar med desse tankane. Nå er det mest aktuelt med islamisme og ekstremisme i dei miljøa. Men tidlegare har me sett at nynazisme og andre ekstremistmiljø har hatt vekstvilkår, seier han.