NRK Meny
Normal

Fleire frå Rogaland har reist i kampen for IS

Fleire personar frå Rogaland har reist til Syria for å slutta seg til terrorgruppa IS. Det stadfestar PST-leiar Stig Ledaal i Rogaland politidistrikt.

IS-parada i Raqqa

Smilande IS-soldatar paraderer gjennom gatene i byen Raqqa i Syria. Bilete blei lagt ut i sommar, etter at IS hadde erklært ein eigen stat.

Foto: Ap

Om lag 60 personar har reist frå Norge for å delta for IS i krigen i Syria og Irak, og talet har auka sidan organisasjonen erklærte ein islamsk stat i sommar.

Dei fleste som har reist til Syria frå Norge har vore busett i Austlandsområdet. Østfold har peika seg ut som eit fylke spesielt mange reiser frå.

Ledaal i PST seier det ikkje er snakk om mange som har reist frå Rogaland, men at dei kjenner til fleire som skal ha reist.

– Det er ikkje eit miljø, men enkeltmenneske som ut frå ulike motiv vel å reisa. Det er vanskeleg å seia om dei reiser for å føra ein krig eller slutta seg til terror, seier han.

PST sin jobb er nå å finna ut om desse personane kan ugjer ein trugsel mot det norske samfunnet.

– Først og fremst må me verifisera om desse utgjer ein trugsel og sørga for tryggleik i samfunnet, seier han.

Jihadistar med oppvekst i Haugesund

Stig Ledaal ansatt som PST-leder i Rogaland

Stig Ledaal, PST-leiar i Rogaland politidistrikt.

Foto: Rogaland politidistrikt

I Haugaland og Sunnhordland politidistrikt kjenner PST ikkje til nokon som har reist, men veit at personar som tidlegare har budd i distriktet nå er aktive i IS.

NRK publiserte nyleg ein lengre artikkel om korleis dei norske jihadistane i terrororganisasjonen IS har det i Syria.

Ein av dei er ein 22 år gammal tsjetsjensk mann som kom til Norge som 12-åring. Saman med familien budde han i ei årrekke i Tysvær og Haugesund, før familien flytta til Østfold.

Det same gjeld den norske jihadisten med kurdisk bakgrunn som nyleg blei drepen i Syria. Også han levde ungdomsåra i Haugesund før han flytta til Østfold.

PST-leiar Laila Stølen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt seier ho er kjent med desse personane.

– Det er personar som tidlegare har budd i vårt distrikt, men som har flytta til andre delar av landet. Dei har reist til konfliktområde som for eksempel Syria, Irak og Somalia. Elles kan me ikkje utelukka at folk som framleis bur i vårt distrikt har reist.

30 inne til urosamtalar

PST får tips både frå kollegaer, skular, venner og familie om personar som kan tenkast å vera eller er i ferd med å bli radikale islamistar.

I Haugesund har PST hatt 30 personar inne til såkalla urosamtalar dei siste to åra.

– Det er personar me følgjer ekstra tett utan at eg kan gå noko nærare inn på det, seier Stølen.

– Kva bør folk gjera som har mistanke om at nokon er i ein radikaliseringsprosess?

– Me ønsker at dei tar kontakt med oss. Opplysningane blir behandla med diskresjon og me vil ikkje bruka informasjonen før det er strengt nødvendig.