Hopp til innhold

Det blir ikkje utvida gransking

Fylkestinget godtek bybanerapporten frå Rogaland Revisjon – mot Senterpartiet sine stemmer.

Undersøking av bybanekontoret

Rapporten frå Rogaland Revisjon om bybanekontoret er blitt kritisert for å vera mangelfunn av fleire politikarar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Mange politikarar har kritisert rapporten frå Rogaland revisjon om pengebruken til Bybanekontoret.

Men når Fylkestinget hadde saka oppe til behandling i dag var det berre Senterpartiet som ville ha ein ny runde. Dermed blir det verken offentleg høyring eller ei utvida gransking av arbeidet bybanekontoret har gjort.

Fleire representantar meinte likevel at rapporten ikkje var omfattande og klar nok. Ei av desse er Arbeiderpartiets Hilde Gunn Bjelde.

– Rapporten er for tynn og det kan verka som om det har blitt tatt nokre forhasta konklusjonar. Eg reagerer også på at revisjonen personifiserer dåverande samferdselssjef og Venstres Helge Solum Larsen, elles kommuniserer eigentleg rapporten ganske greitt at her er det grunn til å retta kritikk til alle prosessane som har skjedd, seier ho til NRK.