Hopp til innhold

– Det blei gjort ein del feilgrep

Rogaland revisjon er nå ferdige med å granska pengebruken til det offentlege bybanekontoret i Stavanger. I rapporten blir det konkludert med at det skjedde ein del feilgrep hausten 2012, men at Bybanekontoret gjorde jobben sin i tråd med bestillinga.

PR-utgifter frå Bybanekontoret

BYBANEKONTORET: Det offentlege prosjektkontoret, Bybanekontoret, blei oppretta av Rogaland fylkeskommune for å innhenta informasjon om bybane på Nord-Jæren. I fjor blei kontoret lagt ned, og nå har pengebruken blitt granska etter NRK-avsløringar om at fem millionar kroner har gått til eit PR-byrå.

Foto: Mathias Oppedal / NRK/Bybanekontoret

I dag blei granskingsrapporten om bybanekontoret lagt fram av Rogaland Revisjon IKS, og den er nå sendt over til Kontroll- og kvalitetsutvalet i Rogaland fylkeskommune.

I rapporten kjem det fram at det blei gjort ein del feilgrep hausten 2012, men konklusjonen er likevel at Bybanekontoret i det store og heile har utført oppdraget sitt i tråd med bestillinga.

Bakgrunnen for granskinga er NRK sine avsløringar om at bybanekontoret brukte over 5 millionar kroner på PR-byrået Burson Marsteller i løpet av eit drygt år. Opplysningane skapte sterke reaksjonar – ikkje minst då det blei kjent kva pengane hadde gått til.

Kort tid seinare valde fylkesrådmannen å legga ned bybanekontoret.

Hovudbodskap

Her er den ordrette hovudbodskapen i den ferske rapporten frå Rogaland revisjon:

«Bybanekontoret har etter vår vurdering i det store og hele utført sitt oppdrag i tråd med oppdragsgivernes bestilling og med en tett oppfølging fra de to styringsgruppene.

I en kritisk fase høsten 2012 blir det imidlertid fra kontorets side foretatt en del feilgrep på informasjons- og kommunikasjonsområdet som får stor oppmerksomhet, og som svekker kontorets omdømme.

Situasjonen for kontoret påvirkes også av at det i den samme perioden er et spent og uklart politisk bilde rundt bybanen.»

Grundig undersøking

Undersøking av bybanekontoret

I dag kom Rogaland revisjon si undersøking av bybanekontoret.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det er Rogaland revisjon som har gjort undersøkinga dei siste månadene.

Mandatet har vore omfattande, og ei rekke sentrale politikarar og avgjerdstakarar har i denne perioden blitt intervjua av representantar frå Rogaland revisjon.

Samtidig er referat frå ei rekke kommunale og fylkeskommunale organ gjennomgått – det same er rekneskapane frå bybanekontoret.

Undersøkinga har gått føre seg på to trinn:

For det første har ein granska konsulentavtalane som er inngått, kven som har hatt ansvaret for dei og på kva grunnlag dei er inngått. Eit av dei mest sentrale temaa er kven som har spesifisert oppdraga Burson Marsteller har utført utover det som er formulert i sjølve anbodsavtalen som blei inngått med PR-byrået.

For det andre omfattar undersøkinga også kva avtaler som låg til grunn for etableringa og drifta av bybanekontoret og kva rolle den administrative og politiske styringsgruppa har hatt undervegs.

Kritisk til rapporten

Gruppeleiar for Senterpartiet i Rogaland, Arne Bergsvåg, er sterkt kritisk til rapporten.

– Rapporten er veldig svak og gir ikkje på nokon måte dei svara me stilte oss før jul, seier han til NRK, og held fram:

– Me har tidlegare kravd offentleg høyring, og det står me fast på nå, seier Bergsvåg.

Pengebruken som det blir referert til i rapporten kunne NRK dokumnetera for snart fire månader sidan. Det gjer Bergsvåg skuffa over arbeidet.

– Dette handlar om eit kontor som dreiv propaganda. Derfor må alle sider av saka fram i lyset. Me kjem nå til å stilla krav om open høyring for å få alle korta på bordet, avlsluttar Bergsvåg.