Hopp til innhold

Sniff fram nye hjerneceller

– Bruk luktesansen, så fornyar du hjernen din, seier NTNU-professor Arnulf Kolstad.

Arnulf Kolstad luktar på blomster

SNIFFAR: Arnulf Kolstad håpar at hjernen hans skal halde seg smart viss han luktar på alt han kjem over.

Foto: Mari Langva / NRK

Mellom blomster og bier, busker og brennesle, er nasen til Arnulf Kolstad godt gøymd inne i ein lysegul plante. Han tek små sniff av dei støvete kronblada medan han ruslar på turstien i Bymarka i Trondheim.

– Eg tek alltid med meg ein slik blomster på denne tida av året, fortel professoren, som er over middels oppteken av lukter. Ikkje berre fordi det er mykje godt å snuse på både på kjøkkenet og ute i naturen, men fordi han meiner at hjernen hans har godt av det.

Stimulerer luktsenteret

– Det eg meiner skjer når ein luktar, er at luktsenteret utfordrast til å vere aktivt. Det veit vi er veldig viktig, for elles kortsluttast bindingane mellom hjernecellene som ikkje blir brukt. Vi må halde hjernen levande, så den ikkje stivnar i faste spor.

Kolstad jobbar for tida med ei bok om hjernen, og samlar saman forskning frå blant anna Pasteur-senteret i Frankrike, og lokale forskarar frå NTNU. Sidan mange av studiane er gjort på mus, rotter og insekt, veit ein ikkje sikkert om resultata kan overførast til menneske.

– Men det som er oppdaga er at luktsenteret, eller «olfactory bulb», er den einaste staden der det blir laga nye nerveceller som kan spre seg til resten av hjernen. Difor trur eg at desse cellene er veldig viktige for den sjølvlegande effekten.

– Kan hjelpe mot demens

Arnulf Kolstad i bymarka i Trondheim

IKKJE KRESEN: Professoren luktar på alt han kjem over, og meiner at det ikkje er viktig om det luktar godt eller vondt.

Foto: Mari Langva / NRK

Professoren har også gode nyheiter til dei som er disponert for nervesjukdommar som Alzheimers og Parkinson. Dersom det er slik at luktsenteret kan reparere dei små grå, kan det å snuse rundt seg vere ekstra nyttig for desse.

– Det kan vere at desse nye hjernecellene kan reparere celler, i samband med demens og andre nevrodegenerative lidingar. Desse sjukdommane skuldast at hjernecellene og bindingane mellom dei blir svekka.

Sjølv vil ikkje Kolstad gå med på at han har lukta seg til ein yngre hjerne. Psykologiprofessoren, som fylte 70 i år, meiner at eit gammalt, friskt hovud er like bra.

– No har eg prøvd å bli gammal i 70 år, så eg har ingen plan om å bli ung igjen, ler han. Så snuser han plutseleg ut i lufta, og seier at han kan merke at det er blåbær i området.

Trener opp sansen

Ganske riktig, det er blåbærlyng like ved. Professoren meiner sjølv at det å stole på luktesansen kan trene den opp. Dei siste tre vekene har han prøvd å finne dei små, lilla bæra ved å kun bruke nasen.

– Eg hadde også eit prosjekt der eg øvde på å kunne lukte land. Eg skulle segle heile norskekysten og tilbake på seks månader, og då ville eg sjå om eg kunne navigere ved hjelp av sansane.

Kolstad droppa GPS-en, og prøvde å bruke luktesansen for å finne retninga mot land, som sjømennene gjorde tidlegare.

– Den siste dagen segla eg over Skagerrak, og då meiner eg at eg kunne lukte Danmark. Eg innbiller meg i alle fall det.

– Kva lukta det av Danmark?

– Det lukta mest gjødsel, må eg innrømme. Jordbruksland og kumøkk, konstaterer Kolstad.

Manglar luktspråk

Etter eit par sniff i ei brennesle kan professoren slå fast at sjølv plantar ein ikkje trur luktar noko som helst, faktisk har si eiga duft. Problemet er at vi ikkje har ord til å skildre dei ulike luktene, og dermed blir det vanskeleg å kjenne forskjell.

– Vi har underskot på ord og omgrep. Vi manglar rett og slett språket, difor blir det vanskeleg å seie kva det luktar. Vi veit jo kor viktig det er for synssansen at vi har ord for blått og grønt. Viss ein ikkje har ord for det så ser ein ikkje forskjell.

I tillegg synest han det er synd at vi omgir oss med få lukter i dagens samfunn, samanlikna med tidlegare. God luktesans er ikkje lenger viktig i jobb og daglegliv for dei fleste av oss.

– Før var vi i fjøset og tok melka direkte frå kua, og der var det masse lukter. No får vi ein kartong der ein ikkje kan kjenne lukta av melk, knapt nok lukta av papp. Tidlegare brukte vi luktesansen til mykje, blant anna til å oppdage farer. I dag er det vel kun vinkjennarane som treng denne sansen i jobben.

– Aldri for seint

I følgje Kolstad er det aldri for seint å trene opp ein nedsløva luktesans. Hjernen kan stadig friske opp gløymde kunstar.

– Start med krydderhylla heime. Ta morgenstellet ved å lukte på alt krydderet. Det er også masse lukter i bybiletet, så ein treng ikkje å gå ut i skogen for å trene opp sansen. Lukt på alt som har ei lukt, og det er jo det meste!

Han vil også ha alle til å lukte på blomster langs vegen, og stikke innom ein blomsterbutikk i ny og ne.

– Ein må styrke luktesansen på samme måte som ein muskel. Det einaste ein kan gjere då er å bruke den. Ein kan for eksempel sette seg som mål å kunne lukte vatn, seier Kolstad.

LES OG HØYR RADIOINNSLAG: Slik er livet utan luktesans