Hopp til innhold

Gaupe drap rådyr i Ingrids hage

Ei gaupemor med unge har i fire dagar komme tilbake for å ete av rådyrskrotten i hagen til Ingrid Skjærvold på Svorkmo i Orkdal.

Gaupe med felt rådyr

Gaupa forsyner seg av åten.

Foto: Steve Halsetrønning

– Eg skalv på hendene då eg skulle filme gaupa som var rett utanfor vindauget mitt første gongen, seier Ingrid Skjærvold til NRK.

– Ser du ikkje gaupa?

Laurdag føremiddag klokka 09.30 oppdaga Ingrid Skjærvold eit dødt rådyr i hagen sin. Rådyret låg ni meter frå husveggen og var truleg blitt drepe tidleg på morgonen same dag, skriv avisa Sør-Trøndelag.

Då ho fortal naboen sin om rådyret, oppdaga ho to andre naboar som stod og filma mot hagen hennar.

– Ser du ikkje gaupa, ropte dei til meg? Då eg sjekka såg eg ei stor gaupe som låg og åt på rådyret, fortel Ingrid entusiastisk.

(Artikkelen held fram under bildet)

Gaupe og sittende unge

Gaupemora og ungen i hagen til Ingrid Skjærvold.

Foto: Steve Halsetrønning

Rådyrjakt

Gaupemora og ungen kom igjen fleire gonger i løpet av laurdag. Søndag morgon mellom klokka 07.00 og 08.00 var dei to gaupene igjen på plass i hagen til Ingrid.

– Dei kom tilbake på føremiddagen også. Denne gongen jakta dei på eit nytt rådyr og sprang fram og tilbake, seier Skjærvold.

Både i går og i dag har også gaupefamilien vore innom hagen.

– Klokka 23.30 i går kveld såg vi dei og då eg skulle på jobb i dag tidleg skimta eg den store gaupa som åt på åten. Den var kring 15-20 meter frå meg, fortel Skjærvold.

Besøk på Lundamo

I august i fjor fortalte NRK Trøndelag om Olav Svegård på Lundamo som også fekk besøk av gaupe på tunet.

Denne gaupa jakta på ein vånd, også kjent som ei jordrotte.

– Ho tok vel tre-fire vånd i løpet av den tida ho var utanfor huset vårt. Det er ganske fasinerande, det er eit muskuløst dyr. Det er nesten som å sjå på film frå Afrika, sa Olav Svegård til NRK den gongen.

(Sjå videoen frå Lundamo. Artikkelen held fram under)

Gaupe
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Mange skodelystne

I løpet av helga har Ingrid og mannen hatt stova full av folk som hadde lyst å sjå på gaupemora og ungen.

– Dei har vore inne hos oss og kikka gjennom vindauget, slik at ikkje gaupene blir skremt. Då vil dei nok ikkje komme igjen, forklarar Skjærvold.

Ho har også tatt eit 25 minutt langt videoopptak av gaupene i hagen.

– Eg har mellom anna bilder av gaupeungen som leiter etter mus og begge gaupene som et på åten rett utanfor vindauget. Vi fekk også nesten video av gaupa som fanga rådyret. Det var berre snakk om sekund og det trur eg ikkje har vore filma her i landet, seier Ingrid Skjærvold.

Fleire har vist interesse for videoen, men den ferske naturfotografen har ikkje bestemt seg for kva ho skal gjere med den.