Hopp til innhold

Gløymde 13,4 cm lang saks i magen

Hildegunn Olsen har i ti veker gått rundt med eit over 13 centimenter langt stålinstrument i magen.

Hildegunn Olsen

Hildegunn Olsen går med denne saksa i magen etter ein operasjon.

Foto: Fotomontasje

– Eg har hatt enorme smerter dei siste ti vekene. Då eg fekk forklaring på smertene fekk eg sjokk. Eg skjønner ikkje at det er muleg, seier Hildegunn Olsen til NRK.

Skulle få nytt bryst

Røntgenbilde

Bildet ble tatt ved Sykehuset Levanger tirsdag.

Foto: Sykehuset Levanger / Anders Aalbu NRK

For ti veker fekk Hildegunn Olsen frå Verdal lagt inn eit nytt bryst ved St. Olavs Hospital. Ho hadde kreft og legane lagde eit nytt bryst ved hjelp av bukplastikk og feittvev frå magen.

Det var ein lang operasjon og Olsen fekk kraftige smerter etterpå.

– Eg fekk slått fast gule stafylokokker, men hadde i tillegg sterke smerter, fortel Olsen.

Ho fortel at det er spesielt sterke smerter rett under brystet.

– Gjenstanden ligg truleg frå navlen og trykker opp mot ribbeina, med ein spiss under ribbeina.

Truleg saks

St. Olavs Hospital seier seg lei for det som har skjedd. Dei er usikre på kva legeinstrument som ligg igjen etter operasjonen.

– Det ser ut som det er ein type saks, seier Kathrin Sørensen Sneve, avdelingoverlege ved plastikk kirurgen St. Olavs Hospital til NRK.

Ho var ein av fire kirurgar som opererte Olsen i fem timar.

– Vi tel instrumenta før, under og etter operasjonen, men viss vi nyttar tilleggsintrument under vegs og ikkje noterer ned desse er det ei kjelde til feil, seier Sørensen Sneve.

Ny operasjon

Sykehuset Levanger slo i går fast på røntgenbilde at Hildegunn Olsen har eit kirurgisk instrument på 13,4 centimeter i magen.

Etter å ha gått med denne gjenstanden i magen i ti veker skal ho opererast ved Sykehuset Levanger i morgon. Også legane ved Sykehuset Levanger er usikre på kva som eigentleg ligg igjen i magen.

Kirurg Knut Holmen ved Sykehuset Levanger skal operere Hildegunn Olsen i morgon. Han har aldri sett noko liknande i løpet av sine 25 år som lege.

Sjukehuset beklagar

Hildegunn Olsen nektar å la seg operere ved St. Olavs Hospital igjen.

– Vi seier oss veldig leie for det som har skjedd, spesielt overfor pasienten. Slike ting gjer at vi må gå gjenom rutinane vår igjen og vi ser kor viktig det er å følgje rutinane våre og sjå om dei kan bli betre, seier Sørensen Sneve.