Hopp til innhold

Denne stasjonen må utbetrast:

Elleve jernbanestasjonar kan bli nedlagt og ni må utbetrast i Trøndelag.

Skansen stasjon
Foto: Jon Rokseth

Statens jernbanetilsyn meiner det er ein tryggingsrisiko at toga er lengre enn plattforma på stasjonen.

Toga har blitt stadig lengre, og tilsynet fryktar at passasjerar skal gå ut av toget utanfor plattforma og skade seg.

Prioriterer ikkje dei små

Det beyr at Jernbaneverket, som eig skinnene, må følgje pålegget og byggje om stasjonar. Dei planlegg å bruke 680 millionar kroner fram til 2019 på ombyggingar.

Likevel vil dei ikkje råde til å gjere plattformene lenger på dei 64 minste stasjonane. Dette kan føre til nedleggingar.

– Dette kostar mykje pengar og vi ser at på stasjonar med låg trafikk blir forlengelse av plattformene dyrt i høve talet på reisande, seier fungerande informasjonsdirektør Ann-Kristin Endal i Jernbaneverket.

Kan bli lagt ned:

  • Kongsvoll
  • Jørstad
  • Harran
  • Selsbakk
  • Reitan
  • Ålen
  • Langlete
  • Rognes
  • Snåsa
  • Lassemoen
  • Namsskogan

Må utbetrast:

  • Lundamo
  • Ler
  • Kvål
  • Skansen
  • Leangen
  • Rotvoll
  • Vikhammer
  • Lilleby
  • Innherred sykehus

Heile lista: Jernbaneverkets liste over stasjoner som må utbedres