Hopp til innhold

Sogndøl jublar over rekordtal

«Kon-Tiki»-filmen selde 164.000 billettar i opningshelga. – Dette er berre heilt fantastisk, seier filmprodusent Aage Aaberge frå Sogndal.

Aage Aaberge under Kon Tiki-innspelinga

NØGD: Aage Aaberge var med på produksjonen av Norges dyraste film. I helga sette den også ny rekord i tal selde billettar for ei opningshelg.

Foto: Pressefoto

Besøkstalet er langt meir enn det «Max Manus» hadde på si opningshelg. Krigsfilmen er den mest sette norske filmen i nyare tid.

– Det er jo ny rekord for norsk film, så det kan nesten ikkje bli betre, seier Aage Aaberge, som var med å produsere filmen.

Trur ikkje på ny rekord

Med eit budsjett på 93 millionar kroner, er «Kon Tiki» Norges dyraste film. Aaberge har tidlegare sagt at kring 600.000 menneske må sjå filmen for at investorane skal få pengane tilbake.

Nær 1,2 millionar såg «Max Manus». Så høge besøkstal vågar ikkje sogndølen å håpe på.

– Nei, det skal bli tøft. «Max Manus» selde nær 1,2 millionar totalt og det er filmhistorie. Klarer vi opp under ein million, så vil det vere ein draum, seier han.

Fekk kritikk

– No skal vi berre nyte og vere nøgde med at har slått opningsrekorden, held Aaberge fram.

Professor i marknadsføring ved BI, Tor Wallin Andreassen, trur striden kring framstillinga av Thor Heyerdahls nestkommanderande, Herman Watzinger, har gjeve auka interesse kring filmen.

– Det kan ha auke interessa for filmen, men eg tykkjer diskusjonen er viktig å ta. For oss har det vore viktig for å understreke at i motsetnad til dokumentaren som fekk Oscar i 1951, så er vår historie ein fiksjon. Underhaldningsverdien har vore avgjerande for oss og det verkar som om det har fungert, seier Aaberge.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Stjernene i «Kon-Tiki»-filmen da de ankom kveldens premierefest i Operaen.

SJÅ TV-SAK: Kon-Tiki premiere.

– Ei fantastisk historie

Kon-Tiki er historia om Thor Heyerdahl og hans menn som i 1947 kryssa Stillehavet for å stadfeste hans teori om at Polynesia var blitt folka frå vestkysten av Sør-Amerika.

Flåten var bygd av balsatre og seglinga som starta frå Peru enda 101 dagar og 8.000 kilometer seinare på eit korallrev i Polynesia.

– Kva trur du det er med historia som fascinerer folk også i dag?

– Eg trur det er den fantastisk historia om seks mennene som sette seg på ni balsastokkar og la ut på verdas største hav. Det er ei heilt utruleg historie. Og så tillet eg meg også å seie at vi har laga ein underhaldande og god film. Eg trur ikkje det hadde fungert om filmen ikkje hadde levert, seier Aaberge.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Eventyrlysten tyter ut av filmruta!

SJÅ TV-SAK: Filmanmeldelse av Kon-tiki.

Ta til på nye ting

Filmen har oppteke sogndølen dei siste fire åra. No er han glad for at filmen er ferdigprodusert, og at premierehelga er over.

– Det blir enormt spennande å følgje publikumstala frå dag til dag, og sjå kvar vi kan ende. Dessutan må eg snart i gang med nytt prosjekt. Det er på tide å komme i gang med nye ting, seier han.