Hopp til innhold

– Dette er filmen "alle" vil sjå

Kon-tiki er filmen alle kjem til å sjå i haust, meiner filmkritikarar som hyllar filmen. Bak den står sogningen Aage Aaberge.

Aage Aaberge under Kon Tiki-innspelinga

LETTA: Aage Aaberge frå Sogndal har produsert Norges dyraste film. No hyllar kritikarane Kon-tiki.

Foto: Pressefoto

– Aage Aaberge kan slappe heilt av. Dette er filmen alle kjem til å sjå i haust.

Slik avsluttar filmmeldar Birger Vestmo i NRK Filmpolitiet si melding av Kon-tiki. Som resten av sine norske kritikarkollegaer, hyllar han den norske storfilmen.

– Vi er kjempenøgde! Det er heilt fantastisk, rett og slett, svarar filmprodusent Aage Aaberge frå Sogndal.

Her kan du lese og sjå Birger Vestmo sin dom over Kon-tiki.

Filmmeldarane i VG, Dagbladet, Aftenposten og Filmmagasinet triller alle terningkast fem til filmen. Bergens Tidende sin Britt Sørensen er litt meir lunken, og gjev filmen terningkast fire.

Og det er ikkje berre filmkritikarane som er begeistra.

- Det er ei stor lette. Dette har vore eit kostnadsrikt prosjekt, som mange har risikert mykje pengar i. Som produsent er det jo eg som skal roe ned investorane, og fortelje dei at dei skal få pengane sine tilbake. Så det er ei god kjensle, når det går bra.

Kon-Tiki

KON-TIKI: Filmen om den enkle balsetreflåten er blitt Norges dyraste film.

Inkludert lanseringskostnader er filmen prissett til nærmare 100 millionar kroner. Det vil seie at fallhøgda for filmen kan vere stor.

– Den er heilt enorm! Og fleire har kritisert oss fordi vi har fått mykje merksemd. Men eg håpar folk ser at vi har teke ein stor sjanse med dette prosjektet, og at det var naudsynt å fortelje så mange som mogleg om filmen.

Heile familien i kinosalen

– Korleis trur du publikum kjem til å ta i mot filmen?

– Det er vanskeleg å seie. Men eg trur filmen kan få eit breitt publikum.

– Vi har fått 7-års aldersgrense. Det gjer at heile familien kan gå saman og sjå filmen. Både born, foreldre og besteforeldre.

– Eg trur den eldre garde som hugsar Heyerdahl og Kon-tiki vil sjå filmen. Det som er viktig for oss er at vi kan få ungdommen til også å sjå filmen.

Episk og storslegen

– Kva var dine ambisjonar med å lage denne filmen?

– Det var rett og slett å lage det vi kallar ein episk film. Ein storslegen film med symfonisk musikk, og store, vakre bilete. Og det har vi fått respons på at vi har greidd.

Jakob Oftebro (Torstein) og Tobias Santelman (Knut) i KON-TIKI

EPISK: Produsent Aage Aaberge ville skape ein storslegen film med Kon-tiki. Ifølgje kritikarane har han greid det.

Foto: Carl Christian Raabe / Nordisk Film Distribusjon AS

Frå Kon-tiki til Pelle Politibil

– Kva skal du gjere vidare?

– Det skal eg fortelje deg. Eg er allereie i gong med å lage ein ny film om Pelle Politibil. Det skal bli ein flott film for dei minste, som skal vere ferdig til august neste år.

– Korleis er det å gå frå eit storprosjekt som Kon-tiki til ein barnefilm som Pelle Politibil?

– Vi er vande til det. Den eine dagen produserer eg ein liten dokumentarfilm for NRK, og den neste er kanskje Kon-tiki. Det er ein stor variasjon, og alt er like interessant.

I 1951 fekk den opphavlege dokumentaren om Kon-tiki Oscar for beste dokumentar. Aaberge torer ikkje ein gong drøyme om noko liknande for sin eigen film.

– Nei. Det er for svært. Den tanken har eg ikkje. Men eg trur den har potensial for internasjonal lansering.

Pelle Politibil går i vannet

NESTE PROSJEKT: Aage Aaberge går frå å produsere Norges dyraste film med Kon-tiki, til å lage ny barnefilm med Pelle Politibil.