Hopp til innhold

Ein glytt bak Kon Tiki-kulissane

Produsent Aage Aaberge kjem 20. mars til heimbygda og Sogndal Filmfestival for å fortelje om innspelinga av storfilmen Kon Tiki.

Aage Aaberge under Kon Tiki-innspelinga

KON TIKI-INNSPELING: Aage Aaberge kjem til heimbygda for å fortelje om arbeidet med storfilmen.

Foto: Pressefoto

Dette er den til no dyraste spelefilmen i norsk filmhistorie - budsjettet er på 93 millionar kroner. Og ein av produsenten kjem altså frå Sogndal, den andre er Jeremy Thomas, ein av dei fremste produsentane i Europa.

Aage Aaberge skal på filmfestivalen syne glimt frå innspelinga, som har føregått i Middelhavet, på Malta, i New York, Thailand og på Lillehammer. Filmen skal ha premiere i august.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kon Tiki (filmversjonen) for fulle segl

FOR FULLE SEGL: Filmversjonen av Kon Tiki-flåten på ope hav under opptak.

Foto: Pressefoto

– Veldig stolte

Festivalsjef Silje Bråstad seier Sogndal Filmfestival er veldig stolte over å ha Kon Tiki-filmen som tema på festivalen. Som største norske filmsatsing nokonsinne er filmen om eventyraren og vitskapsmannen Thor Heyerdahl eit brennheitt tema i norsk film dette året.

Det er 3. klasse i Media og Kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule som arrangerer filmfestivalen.

Silje Bråstad (fremst, Grete Olin Vik Osland og Nicolai Lie Kortner i Sogndal Filmfestival

PROGRAMKOMITEEN PÅ FILMFESTIVALEN: Silje Bråstad (fremst, Grete Olin Vik Osland og Nicolai Lie Kortner.

Foto: Pressefoto

Sølve Stang

I tillegg til Aaberge kjem tidlegare NRK-reporter Sølve Stang til festivalen. Han har dei siste åra laga oppdragsfilmar og vil fortelje om sine røynsler med dette. Han har hatt fleire store offentlege og private oppdragsgjevarar, og han har mellom anna laga film for NORAD.

Kortfilmkonkurranse

På filmfestivalen skal det og vere ein kortfilmkonkurranse i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane. Ein tidlegare vinnar, Daniel Volle, har no ein kortfilm til 700 000 kroner under produksjon. Dette er eit døme på knoppskyting frå Sogndal Filmfestival.

LES OGSÅ: Filmfestival ønskjer kortfilmen din

I april i fjor vann fjorårets vinnar Bjørnar Hegg Lunde frå Lærdal Amandusfestivalen på Lillehammer som den første frå Sogn og Fjordane. I fjor var det nærare 50 filmar med.

Påmeldingsfristen for filmar til Sogndal Filmfestival er 5. mars. Konkurransen har også eigen klasse for filmskaparar under 16 år.

– Vi er alt i ferd med å få inn filmar og håpar på mange bidrag, seier festivalsjef Silje Bråstad.