Hopp til innhold

Her kan du finne puddersnø

Har du vore på topptur og har streva deg nedatt langs ei fjellside som er meir is enn snø? Fortvil ikkje, for det finst nedkøyringar med puddersnø.

Nedkøyring frå Bjørsetfjellet

FIN NEDKØYRING: På veg ned frå Bjørsetfjellet i palmehelga.

Foto: Olav Sægrov

Vêrtilhøva i tida før påske med til dels kraftig vind har fått snøen til å fyke saman i vaskebrettforma fonner, og på store område er det berre ei glassert overflate å køyre på.

Dersom du ikkje har topp utstyr og er godt over gjennomsnittet flink på ski kan nedkøyringa då bli langt frå den store opplevinga du tenkte deg då du sveitta deg oppover.

(Artikkelen held fram under biletet).

Topptur i Jølster

MOT TOPPEN: Slik var det i Jølster i palmehelga.

Foto: Hallgeir Thorbjornsen

Må velje rett topptur

Men dei gode nedkøyringane finst, også i år. Olav Sægrov står bak nettsida skifantomet.com og skriv om toppturar i Jølster. Han kan forsikre om at det finst fine nedkøyringar berre ein tenkjer seg litt om før ein vel topptur.

– Sjølv var eg på Steinegga over Svidalen laurdag og på Bjørsetfjellet i Årdalen i Jølster palmesøndag, og der var det fint å køyre. Særleg var det fint då vi kom ned under tregrensa, i Årdalen målte eg 25 centimeter med puddersnø.

Sægrov seier at ein del nedkøyringar ligg i lé for den vindretninga vi har hatt i det siste, og då er det framles bra med snø å køyre på. Ned frå Bjørsetfjellet valde han og turkameratane å køyre ned i skuggesida, der var snøen tørr og fin.

(Artikkelen held fram under biletet).

Herleg nedkøyring i Jølster

FIN TUR NEDATT: Vel ein rett rute blir nedturen kjekk.

Foto: Hallgeir Thorbjornsen

Finn andre ruter nedatt

Folk som var på Nonsnipa på sørsida av Jølstravatnet i helga fortel om mykje glassert overflate og samanblesen snø i den vanlegaste nedkøyringstraséen. Men Sægrov meiner det går an å velje andre ruter nedatt frå denne populære toppen.

– Dersom du i staden køyrer ned på baksida av Nonsnipa så vil eg tru det er mykje betre snøtilhøve der.

(Artikkelen held fram under biletet).

Topptur på Steinegga i Jølster

PÅ STEINEGGA: Tørr og fin snø på toppen laurdag.

Foto: Olav Sægrov / NRK

Mjuk snø der sola ikkje kjem til

Sægrov har og høyrt om folk som har vore på Snønipa dei siste dagane og rapportert om mjuk snø i nedkøyringa der.

– Heilt oppe på toppane og i fjellsider som ligg utsett til for den vindretninga vi har hatt i det siste vil det nok vere avblese og hardt, men med litt planlegging vil nok folk finne gode nedkøyringar.

Han fortel at bror hans dei siste dagane har vore på toppturar rundt Ålhus.

– Han seier at der sola tek mykje blir snøen våt, og dermed blir det skare ein del stader. Men der sola ikkje kjem like mykje til¨er snøen framleis tørr og fin.

Nedkøyring frå Steinegga i Jølster

FIN NEDKØYRING: Frå turen nedatt frå Steinegga mot Svidalen.

Foto: Olav Sægrov