Hopp til innhold

Han lagar løypene for deg - men har ikkje tid til å gå på ski sjølv

I trakkemaskina køyrer Magne Øvrebø i skiløypene fleire gonger for dagen, men han har enda ikkje tatt skia fatt og testa løypene sine.

Magne Øvrebø

PÅSKESPOR: Skispora har Magne Øvrebø laga sjølv, men skia har han ikkje fått testa enda.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Det blir fint lite skigåing for min del, seier løypekøyrar ved Langeland skisenter i Gaular, Magne Øvrebø.

Øvrebø står på til alle døgnets tider for å lage fine forhold i skispora på Langeland, men sjølv har han ikkje hatt ski på beina denne sesongen. Det har han nemleg ikkje tid til.

Påska i Sogn og Fjordane ser ut til å kunne bli den finaste på mange år, og mange er ute for å nyte det fine vêret og dei fine løypene.

Fantastiske forhold

– No fresar eg på skøytetraseen og langløypene vart oppkøyrt søndags kveld. Der vart det meldt om kanonføre i går kveld, seier Øvrebø.

Han sit i maskina og styrer ho over snøen slik at det skal bli mjukt og fint til seinare i dag.

– I dag er det rett og slett fantastisk. Eg kom inn på stadion då klokka var halv sju og då var det 14 minusgrader. No er det nede i 8–9 minusgrader og her i sola er det vel endå betre, seier Øvrebø.

Lei snøen

– Har du tal på kor mange kilometer du har køyrt i løpet av vinteren?

– Det er eg ikkje heilt sikker på, men eg har køyrt ein del.

Han seier det har vore dagar der han har køyrt så mange gongar rundt i fem-kilometerløypa for å male opp snøen at han har mista talet.

– Eg har i alle fall løyst sveitten meir enn ein gong oppi her, seier Øvrebø.

– Men når du sit inne i maskina og lagar spor til andre, får du tid til å gå på ski sjølv?

– Nei, i år har eg ikkje brukt dei. Og eg trur ikkje dei blir brukt heller, for eg begynner å bli lei av snøen.

Det er kanskje ikkje så rart, for Øvrebø har køyrt spor sidan lenge før jul.

Skitur neste år?

Øvrebø lagar skiløyper for folk i Sunnfjord og dei mange tilreisande i påska og er godt nøgd med resultatet før påskehelga er i gong.

– Det ser veldig bra ut. Der eg har køyrt er det fine teppe å gå på. Det ser ut til å bli ei knall påske, seier han.

– Korleis er det å ha ein slik jobb som du har?

– Det er triveleg så lenge det er så mykje folk som set pris på det ein gjer. Og når eg får mykje gode tilbakemeldingar frå folk er det kjekt å drive på med det.

Men den lange løypa han ofte køyrer har han enda ikkje gått på ski i.

– Nei, den har eg ikkje kome meg rundt enno, det har eg ikkje hatt tid til. Eg trur eg må prøve å gå litt meir til neste år, ler Øvrebø.