Hopp til innhold

Fekk oppfylt årelang draum til påske - opnar langrennsløype

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Øyvind Gjesdal har jobba i fleire år med å realisere draumen om ei langrennsløype. No står løypa klar for påskeinnrykket.

Øyvind Gjesdal

SKIPÅSKE: Leiar i Jølster Løypelag, Øyvind Gjesdal, ser fram til kanonpåske med nye skiløyper.

Foto: Privat

– Det er ein stor draum som har gått i oppfylling!

Etter fleire år med førebuing kan leiar i Jølster Løypelag, Øyvind Gjesdal, stolt annonsere at skiløypene i Gjesdalsdalen endeleg står klare til si første påske nokosinne.

Med ferske skiløyper og knallvêr er han og løypelaget klar til storinnrykk. Skulle det vere noko tvil om kvaliteten på løypa, har han laga ein eigen video der ein kan følgje turen frå start til slutt (sjå video over).

Tøff start

Etter nokre år med planlegging, sette dei i gong dei fysiske inngrepa i fjor vår. Løypa sto dermed klar til offisiell opning i desember i fjor, men vêret gjorde det ikkje vart den pangopninga på sesongen dei hadde håpa på.

– Vi hadde ein arbeidsam start. Vinteren har vore treig og mykje kulde og litt utfordringar med frosne røyr. Det kom seg heldigvis utover sesongen såpass vi fekk nok snø til å opne, fortel Gjesdal.

Klar for påska

No er derimot påskeferien rett om hjørnet, og alt ligg til rette at løypa får vist seg frå si beste side.

– Det er berre å ta seg tid og nyte løypa, smiler han og er full av lovord om det nyopna turområdet.

– Gjesdalsdalen er eit fantastisk turområde med store sletter, fin natur og høge fjelltoppar rundt. Det er eit flott eldorado å gå i, det syns vi iallfall sjølv!

Løypelagsleiaren legg til at området er familievennleg sidan ein kan parkere ved Jølster skisenter og dele opp familien i bakken og i løypene etter ønske.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjesdalsdalen

PÅSKESTEMNING: Både unge og gamle nyttar seg av dei nye skiløypene i Gjesdalsdalen.

Foto: Øyvind Gjesdal

Dugnadsarbeid

Tidlegare har Jølster Skisenter har preparert løyper når dei har hatt moglegheit til det, men det har ikkje vore organisert på same måte som det i dag.

– No er det på heilt anna nivå med med vaktordningar og god preparering, slik som det skal vere på som eit vanleg langrennsanlegg, forklarar Gjesdal.

Han fortel at det ligg utruleg mange dugnadstimar bak den 15 kilometer lange løypa.

– Det er veldig kjekt å ha eit slikt tilbod. Det vert spanande å sjå korleis det vert dei næraste dagane når innrykket kjem for fullt, seier han.

Kor mange trur du vil ta turen innom løypene i løpet av påska?

– Vi har ikkje nok erfaring enno til å seie noko om det, seier han før han legg til, men eg trur det blir mange!

Sjå nettstaden til Jølster Løypelag for daglege statusoppdateringar og vêrforhold no i påska.