Hopp til innhold

Strålande vêr og stor brannfare

Finn fram solo, appelsin og kvikk lunsj, det strålande vêret held seg ut påsken. Men kaldt og tørt vêr gjer at det blir brannfarleg ute. – Ikkje brenn bråte i påsken, er oppmodinga frå Meteorologisk institutt.

Strålande påskevêr og stor brannfare
Foto: Kyrre Lien/Scanpix / NRK-tipsar

Påsken har starta med strålande vêr. Sola har strålt frå ein skyfri himmel i heile Sogn og Fjordane, og vêrmeldingane resten av påsken er også omtrent ei einaste stor sol.

Men dei siste vekene har det også vore mange bråtebrannar som kjem ut av kontroll, seinast søndag føremiddag i Hyllestad.

– Eg vil anbefala at folk ikkje brenn bråte, det er ikkje nokon endring i vêret so den høge brannfaren er uforandra, seier Tone Christin Thaule, meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen.

– Det er heller ikkje venta noko nedbør, so det blir tørt framover.

(Artikkelen held fram under videoen)

Det er no totalforbod mot bråtebrann i Vågsøy etter to bråtebrannar som kom ut av kontroll i helga.

Bråtebrann på Kvalheim i Vågsøy.

Også alarmsentralen i Sogn og Fjordane åtvarar mot å brenna vekk daudt gras denne veka.

– Det er ekstremt tørt ute no, so folk må vera forsiktige. Det skal ingenting til før det kan gå skikkeleg gale, seier vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen, som åtvara folk mot å brenna bråte.

Sol, sol og meir sol

Det blir uforandra vêr fram til tysdag, men onsdag kan du kanskje leggje vekk solbrillene.

– Onsdag vert det truleg litt meir skya, spesielt i nordlege deler av fylket, men det blir truleg ikkje noko nedbør, seier Thaule.

Men allereie torsdag kan du ta fram att solbrillene, og då kan du ha dei på resten av påsken.

– Frå torsdag av klårnar det opp att. Det blir nord- og nordvestlege vindar som dominerer, og det er ein god retning for Sogn og Fjordane.

– Veit de kor tid finvêret tek slutt?

– Nei, so langt fram prognosane våre går, so ser me ingen ende på det fine vêret!

(Artikkelen held fram under biletet)

Påskestemning på Sogn skisenter

SILKEFØRE: Påskestemning på Sogn skisenter på Hafslo søndag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kald påske

Med klårvêr kjem også kuldegradene. Sola varmar godt om dagane, men der solstrålane ikkje når blir det kald.

– Sola tek ganske godt på dagtid, men det blir ein stor forskjell på natt og dag. På dagtid kan ein få ein til tre plussgrader i skuggen i låglandet, men i høgda vil nok minusgradene dominera endå. Nettene blir kalde, spesielt i indre strøk, seier Thaule.

– Heldigvis er det lite vind, so om du finn deg ein lun krok so kan det kjennast ganske behageleg i sola, seier ho.