Hopp til innhold

Send inn påskefoto og video

Med det strålande vêret som er meldt skulle det meste ligge til rette for gode og stemningsfulle påskefoto. NRK Sogn og Fjordane premierer beste foto eller video.

Mot påskesola...

SOL, SVEITTE OG MOTBAKKE: Dette er eitt døme på bilete vi kan tenke oss, men det treng slett ikkje handle om skituar og snø. Send oss foto/video av det som er di påske.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Den som vinn får eit gåvekort i ein valfri fotobutikk på 2000 kroner, andre- og tredjepremien er ein sekk med NRK-effektar.

Til deg som sender video: Du treng ikkje redigere og legge på musikk. Vi er ute etter små snuttar som viser ein typisk påskeaktivitet. Vi kjem til å legge ut alle bidrag på nettsida vår.

Slik sender du oss video:

Gå inn på www.wetransfer.com og skriv inn adressa sffoto@nrk.no i mottakarfeltet. Legg ved informasjon om kvar videoen er teken, kva den syner, og kven som er fotograf.

Videoen må vere utan musikk.

Tenesta har ei grense på overføring av filer på 2GB, og videoen må ikkje vere større enn dette.

Slik sender du oss bilete:

Vi ønskjer bilete tilsendt via e-post til sffoto@nrk.no. Merk e-posten med «fotokonkurranse». Pass på å sende med informasjon om kvar biletet er teke, kva motivet syner, og kven som er fotograf.

Vi vil òg gjerne ha andre opplysningar om biletet – særleg viss det knyter seg ei spesiell historie til det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mot påskesola...

SOL, SVEITTE OG MOTBAKKE: Dette er eitt døme på bilete vi kan tenke oss, men det treng slett ikkje handle om skituar og snø. Send oss foto/video av det som er di påske.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bileta blir presenterte på nettet med ei breidde på 650 biletpunkt (16:9-format), og må ikkje vere mindre enn dette. Bileta vil vi helst ha i originalstorleik.

Vi ønskjer bileta tilsendt i jpg- eller tif-format. Vi ser helst at du sjølv tek deg av eventuell bearbeiding av bileta.

Fristen er 4. april

Alle kan delta, og dersom du vil ha tips om korleis du skal gå fram for å få gode bilete kan du få gode fotoråd her.

Frist for å sende inn video eller bilete til NRK.no er 4. april.

Ved å sende video eller bilete, gir du oss løyve til å nytte dei på nettsidene til NRK. Stoff som blir brukt, blir lagd ut saman med namnet til fotografen. NRK skal ikkje selje bileta vidare.