Hopp til innhold

Spade vart redninga då raset gjekk

Familien til guten som vart teken av eit snøskred på Vikafjellet måndag får skryt for å ha gjort alt rett. At dei hadde med seg spade var truleg avgjerande for at det gjekk så bra.

Snøskred ved Hestavatnet på Vikafjellet

REDDA RASKT UT: Etter berre vel ti minutt var guten som vart teken av snømassane berga ut.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Gro Helleland som er leiar i Vik Røde Kors Hjelpekorps seier til Sogn Avis at familien gjorde alt rett då raset gjekk måndag ettermiddag. Medan barn leika i snøen heldt foreldre eit vake auge med dei, og dei handla raskt då snømassane losna.

– Alle som blir tekne av ras og overlever, er heldige, seier Helleland til Sogn Avis.

– Utfallet kunne blitt annleis

Meldinga om flakskredet på Vikafjellet kom til politiet like over klokka 15 måndag. Berre minuttar seinare var guten som var teken av det greven ut.

Ifølgje politiet vart guten funnen halvannan meter nede i hardpakka snø, og takka vere god innsats frå dei som var i nærleiken gjekk det bra.

Ifølgje Sogn Avis var det også to andre barn som vart tekne av raset, men desse flaut oppå snøen og kunne sjølv peike ut området der 12-åringen var. Helleland i Røde Kors Hjelpekorps meiner det var svært viktig at ein hadde med seg spade.

– Enorme krefter er i sving og sjansen er stor for at vedkommande blir knust. Utfallet kunne blitt ganske annleis om spaden ikkje var med i sekken, seier Røde Kors-leiaren til Sogn Avis.

– Bruk det med vit

Onsdag er det meldt om snøskredfare 2 i både Sogn, Sunnfjord og Nordfjord ifølgje Varsom.no. Snøskredfare 2 svarar til moderat snøskredfare og det kan vere lokalt ustabile forhold.

Med flott vêrmeldingar er det mange som blir lokka til fjells, og Helleland seier til Sogn Avis at folk for all del må bruke fjellet, men at det er viktig å gjere det med vit.

Eit anna råd kan vere å følgje regelen følg rygg og vêr trygg, seier ho til avisa.