Hopp til innhold

Klarte å spore opp fråstolen handveske ved hjelp av mobilen

Då handveska med mobilen vart stolen frå ein utestad i Ålesund i natt, var ikkje eigaren rådlaus. Ho klarte å spore mobilen ved å aktivisere «finn meg-funksjonen» på telefonen sin.

Det var i 04.00-tida natt til laurdag at tjuveri av to handvesker vart meldt til politiet. I den eine handveska var der ein mobiltelefon.

Eigar av telefonen brukte ein applikasjon på mobilen for å spore den opp, og politiet sette i verk etterforsking i området.

Dette førte til at telefonen vart funnen og ein mann og ei kvinne vart arresterte mistenkt for tjuveriet.

Dei to er sett i varetekt og saka blir etterforska vidare av Ålesund Politistasjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL