Hopp til innhold

Makrellkrangelen fekk inga løysing

Noreg og EU står framleis steilt mot Island og Færøyane. Makrellkrigen blei ikkje avslutta måndag kveld i London, meddeler fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen. No set både ho og EU inn nye sanksjonar.

Lisbeth Berg-Hansen

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen meiner Island og Færøyane krever altfor mykje.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Noreg har håpa at makrellkrangelen Noreg/EU versus Island/Færøyane skulle gå mot ein slutt.

Måndag kveld blei det derimot klart at verken Island eller Færøyane er villige til å forhandle.

– Dessverre kom ein ikkje fram til eit resultat i dag. Eg er skuffa over at vi ikkje lukkast, men verken Island eller Færøyane viser reell vilje til å forhandle.

Det seier fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen.

– Eg legg ikkje skjul på at eg hadde forventa meir av dei, seier Berg-Hansen vidare.

Partane er langt, langt unna kvarandre

Eit endra gytemønster for makrellstimane gjorde at meir makrell kom inn i farvatna til Island og Færøyane. No har dei kravd stor auke i kvotane sine.

Lisbeth Berg-Hansen

Fiskeriministeren vil no setje inn fleire sanksjonar mot Island og Færøyane.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Berg-Hansen fortel at landa er altfor kravstore.

– Det er altfor, altfor langt gap mellom det Færøyane og Island meiner dei har krav på, og det vi meiner at dei i det heile tatt kan vere i nærleiken av å ha krav på.

– Du har tidlegare sagt at Island har rana til seg større andelar og kvotar. Kva skjer vidare framover når ingen avtale har kome på plass?

– Vi vil setje inn ytterlegare sanksjonar mot Island og Færøyane.

– Betyr det at EU òg vil setje inn sanksjonar?

– EU har vore i gong med den jobbinga i lang tid, og vil halde fram arbeidet. Det vil vi også.

– Kva sanksjonar er det snakk om?

– Eg kan ikkje kome innpå det no. Vi må gjennom arbeidet og kome tilbake til det, avsluttar fiskeriministeren på telefon frå London måndag kveld.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL