Hopp til innhold

Vårblomane spirer på nytt

Kvitveis og kusymre spirer for andre gong i år. Vårblomane vert lurt av den milde hausten.

Kusymre

I hagen til Dag Holtan på Sjøholt på Sunnmøre spirer kusymra no

Foto: Dag Holtan

Hausten i år er ein av dei mildaste i landet sidan 1900. Det har også Anita Marø frå Ålesund erfart.

Anita Marø

Anita Marø og hunden Pontus nyt den varme hausten

Foto: privat

Vårblomster

Då ho og hunden Pontus var på fjelltur denne veka, fekk dei seg ei overrasking.

– Eg kika meg rundt medan hunden sto og drakk frå bekken. Der ser eg tre kvitveisar, fortel Marø.

Ho har alltid sett på kvitveisen som ein typisk maiblomster, og vart difor svært forundra.

Kvitveis i november

På Eikenosen i Ålesund blomstrar kvitveisen i november.

Foto: Anita Marø

Uvanleg

Botanikar Dag Holtan har berre sett kvitveis ein gong før om hausten.

– Eg skal vere forsiktig med å bruke ordet sensasjonelt, men det er i alle fall svært uvanleg med kvitveis i november, seier han. Normalt blomstrar kvitveisen mellom april og juni.

Sjølv har Holtan fleire vekstar i hagen som har blitt lurt av den milde hausten. Både kusymra, stemorsblomsten og tusenfryden blomstrar for andre gong.

Les også:

18 grader

– Det er ikkje rart at plantene trur det er vår, når vi har hatt dagtemperaturar opp i mot 18 grader i haust, seier Holtan.

Kombinasjonen kalde netter og milde dagar, gjer forholda for plantene svært like våren. I Møre og Romsdal ligg temperaturane i november fem grader over det normale. Det betyr at det er like varmt no, som det vanlegvis er i slutten av april og byrjinga av mai.

Pass plantane

Blodstorknebb

Blodstorknebb som blomstrar i november.

Foto: Dag Holtan

– Villplantene er tilpassingsdyktige og hardføre. Dei tåler to blomstringar. Meir eksotiske planter i hagen kan verte øydelagde, seier botanikaren. Grunnen er at det er fare for nattefrost.

Uvanleg mild haust

Tall frå Meteorologisk institutt viser at hausten har vore uvanleg mild i heile landet. Spesielt i Nord-Noreg ligg det an til å bli den mildaste vinteren på 110 år.

– Det er ein stor kontrast i høve fjoråret. Då var vinteren ein av dei kaldaste. I år ser vi at det er sett varmerekord på fleire målestasjonar, seier klimaforskar Ketil Isakesen. På Finnmarksvidda er det hittil i november fem grader varmare enn normalt.

Vårflørt

At temperaturane er så høge, passar Anita Marø og hunden Pontus godt. Dei nyt vårstemninga.

– Eg kjenner at det er deilig å kunne gå tur i t-skjorte og joggesko i november. Og at kvitveisen sprett ut, ser eg på som ein liten vårflørt, smiler ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL