Hopp til innhold

Arbeider frivillig og uløna for å hjelpe andre eldre

Det er pannekake som står på menyen i dag. Og på køyreruta til pensjonist Olav Sylte ventar mange svoltne munnar.

Video HJELPER ANDRE

Sjølv om han er pensjonist og ferdig med arbeidslivet, så har han enno mykje å gi. No brukar han dagane sine på å glede andre eldre.

79 åringen har arbeidd frivilleg og uløna for kommunen i snart 3 år. Han køyrer rundt med middag til andre eldre i Ørskog.

– Eg trur no det at eg slapper av nok sjølv om eg gjer dette også, smiler det blide 79-åringen.

Det er ikkje alltid berre berre å køyre rundt på dårleg føre, men middagen skal fram. Og når han likevel er ute på besøk, då kan han like godt hjelpe til med andre ting. Både å bere inn ved og anna.

– Eg har alltid litt tid, seier Sylte.

Sjå reportasjen om Olav Sylte over.