Hopp til innhold

Hentar opp kilometervis med garn

Fiskeridirektoratet henta opp 30 kilometer tapte fiskegarn i løpet av 2010.

Fiskegarn

Mange kilometer med fiskegarn dukkar opp frå havet kvart år.

Foto: Sara Johannessen / Scanpix

Fleire bør varsle om tapt utstyr meiner direktoratet.

– Sidan 1980 har fiskeridirektoratet jakta på mista utstyr, men fleire må melde frå om det dei mistar, seier Gjermund Langedal i Fiskeridirektoratet.

For få melder frå

– Reglane er klare. Ein skal melde frå om tap av garn og utstyr. Dessverre fungerer ikkje det optimalt i dag, seier Langedal.

For i 30 år har Fiskeridirektoratet fiska etter tapt fiskeutstyr. Trass i at ei garnlengde tilsvarande strekninga frå Tromsø til Røst er henta opp, meiner Langedal at det er for lite når berre halvparten blir meldt frå om.

– Det er vi veldig lei oss for. Ein må melde om desse tapa for at vi skal få hente garna opp, seier han.

I fjor henta direktoratet opp garn i løpet av september, og grunna godt ver fekk dei god utteljing, meiner Langedal. Og det er viktig, for at fiskarane ikkje skal miste endå meir utstyr i neste omgang.

– Når det står ei garnlenkje og det kjem nye fiskarar til området og sette gang, er det lett for at desse garnlenkjene heng seg fast i kvarandre. Då går det som regel galt, seier Langedal.

Store mengder utstyr

Totalt vart det teke opp 1000 garn av ulik type og alder, 97 kongekrabbeteiner, 14 000 meter endetau, 8000 meter snurrevadtau og 5500 meter line.

Det blei òg tatt opp 18 dregger eller anker, samt diverse blåser og bøyer. Mannskapet fant òg delar av ei kystnot med ei merd. Av andre ting blei det tatt opp cirka 6000 meter wire, 300 meter kabel og noko kjetting.

Kan føre til tap

Tapte garn som står att på havbotnen kan utgjere eit skjult uttak av fiskeressursar, bidreg til ytterlegare tap og trekkjer til seg større opphopingar av krabbe, lus og andre botndyr som ikkje er bra for mellom anna kommersielt garnfiske.

Skjult uttak av ressursar som følgje av tapte fiskereiskap vert kalla «ghost fishing» eller «spøkelsesfiske».

Vil gjenvinne

Fiskeridirektoratet er i dialog med Norsk Fiskeriretur AS om å gjenvinne reiskap som er tekne opp under årets oppreinskingsarbeid. Det meste som vert teke opp er til dels øydelagd, men kan verte gjenvunne. For kongekrabbeteiner vert det lagt opp til ei returordning til fiskarane.