Hopp til innhold

Full fyr etter stjernetenning

Det som skulle vere ei roleg, tradisjonell julesterne-tenning utvikla seg til eit inferno av flammar.

Rett etter at stjerna vart tend, og fyrverkeriet hadde gått av, sto fjellsida på Sukkertoppen nær Ålesund sentrum i full fyr.

Video Brann på Sukkertoppen i Ålesund

Fyrverkeri

Fyrverkeri

Fyrverkeriet kan vere årsaka til brannen.

Foto: Olaug BJørneset / NRK

Operasjonsleiar Audun Vartdal i politiet seier til NRK at etterforskinga så langt tyder på at fyrverkeriet er årsaka til brannen.

- Men arrangørane hadde tillatelse til å sende opp fyrverkeri, så dei har gjort alt heilt etter boka, seier Vartdal til NRK.

Slått stor alarm

Kjempa mot flammane.

Det var dramatisk då vinden tok tak i elden og heile fjellsida sto i fyr på eit blunk.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Brannvesenet slo full alarm, men då mannskapa nådde fjellet, hadde arrangørane fått kontroll over elden.

– Vi må likevel sjekke omådet, sa brannfolka til NRK.

Og dei kunne konstatere at eit svært område, på fleire 100 kvadratmeter var svidd av.

Skulekorps avlyste

Eit heilt skulekorps med omlag 40 born og unge skulle også vore med på fjellet, men dei blei dimmitert i siste liten, på grunn av kulden og sterk vind.

Det var likevel mange, både små og store som var på Sukkertoppen då flammane brått lyste opp over byen.

Guteklubb tenner stjerne

Sukkertoppen i flammar.

Kampen mot elden på Sukkertoppen i Ålesund.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det er ein såkalla guteklubb eller nabogjeng, som kallar seg Real Hessa, som står bak tenninga av den fleire meter høge julestjerna.

Det har dei gjort i to år, dette var det tredje arrangementet. Men guteklubben måtte trå til sjølve då det begynte å brenne.

– Dette var ein strek i rekninga. Det må vere fyrverkeriet som har gjort at det tok fyr, sa ein av medlemmene i gutteklubben Real til NRK på brannstaden.

- Brannmannskapet berømmer gutane for innsatsen, seier operasjonsleiar Arnfinn Valderhaug ved Sunnmøre politidistrikt.

Brann på Sukkertoppen

Både brannvesen og politi rykte ut laurdag ettermiddag, men flammane var sløkte då brannmannsaka kom fram.

Gjekk ned med ein gong

Det var omlag 100 personar som deltok på adventsmarkeringa på Sukkertoppen.

Dei aller fleste gjekk ned igjen med ein gong det tok til å brenne. Mange vart redde, og ville kome seg ned før brannen spreidde seg enda meir.

- Dette viser vel det vi har sett før. Fyrverkeri kan lett føre til brann når det er så tørt som no, men arrangørane hadde altså fått løyve til å sende opp, og vi kan dermed ikkje klandre dei, seier operasjonsleiaren ved Sunnmøre politidistrikt, Audun Vartdal til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL