Dei tre mennene blei observerte med det som blei kalla "unormal åtferd" i Øksendal klokka tre natt til søndag.
Politiet blei varsla og tre menn i alderen 30 til 50 år blei tatt på fersk gjerning. Dei har no vore til avhøyr ved lensmannskontoret på Sunndalsøra.
Utstyret dei var utrusta med består av ein Remington med ulovleg påmontert lys og dertil høyrande ammunisjon, samt ein Star Baikal med ulovleg sikte og ulovleg ammunisjon, skriv Tidens Krav.
Våpena er utstyrt med lyddemparar som i kombinasjon med ammunisjonen ville gi ei spesielt stille jakt.
Kulene som er beslagde har ei lita krutladning slik at farta på prosjektilet er under farta til lyden. Dette saman med at kula ikkje ekspanderer slik vanleg jaktammunisjon skal gjere, gjer at jakt med utstyret vil vere ulovleg.
Lensmann i Sunndal, Hallvard Vermøy, seier til NRK at dei ser på saka som oppklara og at dei tre som er innblanda kan rekne med bøter og inndraging.