Hopp til innhold

Toppolitikar kan bli skvisa

 

Iver Nordseth (V)
Foto: Trond Vestre / NRK

Partiveteran Iver Nordseth frå Smøla kan bli skvisa ut frå 2.plassen til fylkestinget.

Frits Inge Godø, leiar i nominasjonsnemnda til Møre og Romsdal Venstre

Frits Inge Godø er leiar i nominasjonsmenda til Møre og Romsdal Venstre.

Foto: Synnøve Hole / NRK

- Det er ikkje uproblematisk dersom Iver Nordseth må gå ut etter å ha gjort ein svært god jobb for Møre og Romsdal Venstre, men vi treng fornying, seier leiaren i nominasjonsnemnda Frits Inge Godø.

Klarte ikkje å einast

Laurdag ettermiddag la nemnda fram sitt forslag til kandidatar til fylkestinget. Også denne gongen står veteranen Iver Nordseth på 2. plass, men no saman med Pål Farstad. For første gong klarte ikkje nemnda å samle seg om ein kandidat, og dermed kan Nordseth bli skivsa frå toppverva i partiet.

Iver Nordseth blir omtalt som ein ringrev:

Les meir om kampsakene til Iver Nordseth.

Årelang innsats

Iver Nordseth har sitte på fylkestinget i ei årrekkje, har vore leiar av samferdselsutvalet og ordførar på Smøla sidan 1992. No blir han utfordra av ein annan nordmøring: Pål Farstad.

- Pål Farstad er ein veldig spennande fyr med brei erfaring, og vi har behov for fornying, seier Godø.

Farstad bur seg på kamp

Venstre-politikar Pål Farstad

Utfordrar Pål Farstad i Møre og Romsdal Venstre.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Møre og Romsdal Venstre har i dag tre kandidatar på fylkestinget, og Pål Farstad kan kome til å bli ein av dei. Han er kanskje mest kjend som tidlegare leiar av Nordmøre fiskarlag.

- Eg syns ikkje det vil vere noko særleg stas å skvise ut Iver Nordseth frå toppen. Eg håper heller at vi begge kjem på lista, seier Farstad. Han vil ikkje svare konkret på korleis han vil like å stå på 2. plass dersom Nordseth går heilt ut eller kjem langt ned på lista.

Månader i spenning

Først i februar skal nominasjonsmøtet i Møre og Romsdal Venstre avgjere kven som får 2. plassen på lista. Ifølgje leiaren i nominasjonsnemnda kan alt skje.

- Eg trur det blir veldig jamnt. Men trur nok kanskje at Iver Nordseth vil trekkje det lengste stråket, men eg veit ikkje, seier Frits Inge Godø.

Iver Nordseth er ifølgje Godø i Afrika, og det har ikkje lukkast NRK å nå han laurdag ettermiddag.

Møte i nominasjonsnemnda til Møre og Romsdal Venstre

Møte i nominsasjonsnemnda til Møre og Romsdal Venstre laurdag i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole / NRK