Hopp til innhold

Åtvarar mot bombeeksperiment

Fem barn i 12-13 årsalderen måtte i går kveld til sjukehus etter at ei heimelaga bombe gjekk av på Lerstad i Ålesund.

Barna hadde laga bomba etter ei oppskrift dei hadde funne på internett.

Fire blei sende til augelege, og eitt barn fekk skadar på ein fot. Ingen får varige skadar.

Operasjonsleiar Ivar Inge Klefstad ved Sunnmøre Politidistrikt åtvarar mot slike eksperiment.
 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL