Ei 18 år gammal kvinne seier dette skjedde natt til laurdag. Ifølgje Sunnmørsposten skjedde overfallet i bysentrum, då kvinna var på veg til jobb.
Skreik
Skrika hennar gjorde at folk kom til staden, og mannen stakk av. Overfallet skal ha skjedd i Kongens gate. Dette er gågata i Ålesund.
- Eg var på veg frå ein jobb til ein annan like etter klokka 4 laurdag morgon. Eg gjekk over St.Olavs plass då eg brått blei angripen av ein mann bakfrå, seier jenta til
•
•
•
Kvelartak
Mannen tok kvelartak på jenta. Ho var sikker på at ho kom til å bli valdteken.
- Han drog meg ut på gata og inn til sida så vi ikkje skulle vere synlege. Han tok tak i T-skjorta mi og prøvde å rive den av meg, samstundes som han heldt meg hardt rundt halsen, fortel jenta.
•
•
•
Melde frå til politiet
Laurdag drog jenta til politistasjonen der ho blei teken bilete av. Ho blei beden om å melde overfallet, og dette skal skje formelt snarast, fortel jenta til Sunnmørsposten.
- Heldigvis kom det folk til staden og mannen stakk av. Eg trur dette kan vere mannen som har valdteke andre jenter i byen, seier jenta til Sunnmørsposten.