Hopp til innhold

Gløymde 6-åring på hotell

Ein seks år gamal gut sto gråtande igjen i resepsjonen på eit hotell i Geiranger laurdag formiddag. Då familien reiste vidare etter ein pause gløymde dei å ta med guten sin.

Guten blei ståande igjen åleine i eit par timar då resten av familien forlet hotellet laurdag formiddag. Eit heilt følgje av slektningar, mellom anna ei tante, kom i tre bilar til Grande Fjord Hotel laurdag formiddag for å få seg ein kopp kaffi. Men då det var fullt reiste dei ganske raskt vidare. Utan den seks år gamle guten.

- Vi kjem til å sende ei melding til barneveret, for slik går det ikkje an å behandle born, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt.

Leita i heile Geiranger

Personalet på hotellet sende ut fleire personar for å leite etter foreldra til guten. Men det førte ikkje fram, sjølv om dei besøkte både hotell og campingplassar i Geiranger:

- Vi fann dei ingen stad. Heller ikkje ferjene hadde sett reisefølgjet på tre bilar. Og politiet visste ingenting, seier Ola Grande ved Grande Fjord Hotel. Guten blei tatt med opp i restauranten og fekk saft, frukt og kjeks til servering. Ifølgje Grande var han roleg, og venta tålmodig på familien sin.

- Detektivarbeid

Grande Fjord Hotel i Geiranger

Grande Fjord Hotel i Geiranger

Foto: Finn Magne Grande (+47) 9510752

Men det var ikkje enkelt å finne familien. Ifølgje politiet er guten norsk statsborgar, men han snakka dårleg norsk:

- Guten sa sjølv at familien er pakistansk, og klarte til slutt å fortelje kva den norske mora heitte, så då ringde vi henne, seier Grande. Ho var ikkje med på turen, men var i Trøndelag, der ho bur. Til NRK seier ho at ho har snakka med guten, som var på ferie med tanter og onklar, og at han har det bra:

- Han var mest stolt over at han klarte å hugse namnet mitt, seier ho. Grande er sjokkert over at familien kunne reise frå 6-åringen. Etter eit par timar kom reisefølgje tilbake til Geiranger, og henta guten sin. Noko slikt har Grande aldri opplevd før:

- Aldri, vi er ganske sjokkerte over at nokon kan reise frå ein liten unge, seier Ola Grande.