– Dette er indirekte oppmoding til hor og ei moralsk utgliding, seier han i eit lesarinnlegg i avisa Møre i dag.
Sjokkerande
Hans Reite skriv at det var sjokkerande å lese avisa Møre frå sist tysdag:
- Det var sjokkerande å lese i Møre tysdag 12. mai at Røde Kors Ungdom delar ut store mengder kondomar til skuleungdom og gir "kondom-lappen". Er det dette "raudekrossen" står for? spør han og opplyser om at sex høyrer til innanfor ekteskapet sine rammer. - I staden for kondomar så vil vi vere med å dele ut Nytestament på skulane til hausten,
Kondomkampanje
Avisa Møre skriv at Røde Kors Ungdom hadde ein kampanje ved Volda vidaregåande skule måndag.
Med seg hadde dei rikeleg med kondomar og informasjon til elevane.
Russen og andre elevar på skulen fekk tilbod om å ta ”kondomsertifikatet”. Dette sertifikatet er tredelt, og består av ein teoridel, og to ulike praktiske delar. Ved bestått prøve har ungdommane vist at det kan nytte kondom, som er det einaste prevansjonsmiddelet som beskyttar mot kjønnssjukdommar,
Dårleg seksualundervisning
Prevensjonssjefen for Voldarussen meiner at seksualundervisninga i skulen er for dårleg. - Seksualundervisninga ved skulane er ikkje god nok. Sist vi hadde om temaet var i tiande klasse, og på vidaregåande har det ikkje vore noko informasjon av denne typen, forklarar han, og legg til at dette er for dårleg. Alle russane som bestod testen fekk utdelt strykemerke til å ha på russedressen, samt eit lite kort, ”kondom-lappen”, til å ha i lommeboka, seier han til avisa Møre.
Grunna gjentekne usaklege kommentarar er denne artikkelen stengt for kommentering.