Hopp til innhold

- Platebransjen må fornye seg

- Platebransjen må fornye seg, meiner vokalist i Vassendgutane, Sindre Aam.

Vassendgutane på Spellemannprisen 2008.

- Platebransjen må finne ein modell for betaling ved fildeling, meiner Vassendgutane-vokalist Sindre Aam. Her opptrer gruppa på Spellemannsprisen.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Han er samd med kunnskapsministeren og SV som vil programfeste fri fildeling av musikk gjennom modellar som sikrar opphavsretten.

Sindre Aam
Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

- Eigentleg er vel dette noko svineri for oss musikarar, men eg trur ikkje det hjelp å seie at vi er i mot dette. Me må berre henge på, seier han.

Ikkje berre negativt

- Når dei no har i gang rettsaker, kanskje dei får til ein modell der opphavsmenn til musikken kan få litt att for det arbeidet ein gjer.

Då Vassendgutane si siste plate XO kom ut tok det ein dag før dei fann første piratkopi på nettet. Og sjølv om kvar song som blir nedlasta betyr mindre pengar til han og bandet, ser han ikkje berre negative konsekvensar av fildeling av musikk på internett.

- Eg ser mange fordelar også. Mange oppdagar Vassendgutane på nettet. Det kjem det mange og seier til oss.

- Me kan nok ikkje sjå berre negativt på fildeling.

Interessant rettsak

Rettsaka mot den svenske nettstaden for fildeling Pirate Bay vart avslutta denne veka og no venter mange kva dommen som kjem i midten av april vil vise.

- Viss vi tenkjer på det å kopiere skriftlege åndsverk. Kopimaskina vart ikkje forbode. Ein fann ei ordning der dei som har opphavsrett får kompensasjon, seier medieforskar Gunnar Strøm ved Høgskulen i Volda.

Han meiner rettsaka er viktig for å lage nye køyrereglar for kulturformidling. Han er einig med kunnskapsministeren om at fri fildeling gjennom nye modellar er vegen å gå.

- Den einaste måten me kan takle problematikken rundt Pirate Bay, og fildeling på, er å gjere noko tilsvarande, meiner Strøm.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL