Hopp til innhold

Felte jerv i Norddal

Ei tispe på 8,5 kilo blei skoten laurdag føremiddag.

Jerv felt i Norddal kommune
Foto: Vegard Lødøen

Jerven blei felt i Vesle Langdalen ved Trollstigen av jeger Vegard Lødøen.

Fellingsløyvet vart gitt av Rovviltnemnda i Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal fredag.

- Flotte forhold

Lødøen fortel at jaktlaget på åtte hadde gode jaktforhold laurdag.

– Det var enkelt å gå, og det var fin sporsnø.

Og det var nettopp spora som gjorde at dei kom inn på jerven.

- Ein i jaktlaget stod på andre sida av dalen og såg jerven i kikkerten. Vi hadde kontakt på sambandet og fekk fortalt kvar vi skulle gå. Vinden stod midt i mot oss, så det var perfekte forhold.

Skal stoppast ut

Jerv_norddal

Vegard Lødøen felte jerven omlag klokka 11.30 laurdag.

Foto: Privat

Då dei fekk jerven på rundt 80 meters avstand skaut Lødøen, og jerven gjekk i bakken.

– Jubelen stod i taket, kan du no seie, fortel den fornøgde jegeren.

Jerven skal no sendast til Trondheim der den skal undersøkjast.

- Men når undersøkingane er ferdig, skal den stoppast ut og plasserast på kontoret, fortel Lødøen.