Hopp til innhold

Første spadestikk for Biowood

I dag starta bygginga av pelletsfabrikken Biowood i Averøy. Ein gledens dag for ordførar Jarle Haga (V).

Jarle Haga
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Om eit og eit halvt år håper dagleg leiar Lars Frode Askheim på å levere miljøvenleg brensel til heile verda.

Målet er at pelletsfabrikken på Averøya skal bli ein storkonkurrent også internasjonalt.

- Eg er veldig glad for at vi har kome så langt som vi har gjort. No skal vi bruke tida veldig godt framover, seier Askheim.

Store forventningar

Averøyordførar Jarle Haga har store forventingar til Biowood som kjem til å skape mange arbeidsplassar.

- Det er klart at 50 arbeidsplassar er veldig mykje, og det er nok mange som misunner Averøy. Vi får oppstart i ein tid der næringslivet slit litt med å få nye oppdrag, seier Haga.

Manglar infrastruktur

Steinar Reiten (KrF), leiar for miljøutvalet i Møre og Romsdal fylke, seier at pelletsproduksjonen vil skape store utfordringar ikkje berre for Møre og Romsdal, men alle fylka langs kysten.

- Her vil det bli eit enormt behov for råvarer i form av tømmer. det står mykje tømmer på rot i kystskogen som skal takast ut, men vi manglar infrastruktur. Her må det på plass skogsbilvegar, det må på plass taubanar, men ikkje minst må vi kaianlegg for utskiping av råvarer, seier Reiten

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL