Hopp til innhold

Får ikkje erstatning

Sunnmøre indremisjon avviser erstatning til fem tidlegare barneheimsbarn.

Sunnmøre Barneheim
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Dei fem meiner dei vart utsette for overgrep då dei budde på barneheimen som Indremisjonen dreiv i Ørsta på 1960-talet.

I eit brev til advokaten deira skriv Indremisjonen at dei beklagar det som har skjedd, men dei vil ikkje gi erstatning.

Skuffande, seier advokat Ole Erik Gussiås.

- Eg hadde nok ikkje forventa ei slik direkte avvising når vi enno ikkje hadde fremja eit krav, seier han.

Vil kome krav

- Det tykkjer eg var litt merkeleg, at dei ikkje ein gang ville vere med å diskutere dette her, det var eg faktisk litt overraska over, fortel Gussiås.

Dei fem budde på barneheim i Ørsta på 1960-talet og meiner dei vart utsette for ulike overgrep medan dei budde på heimen.

Dei har krevd erstatning frå kommunen, som vil kome tilbake til saka etter ferien. Men det vil også kome eit krav til Sunnmøre Indremisjon, seier advokat, Ole Erik Gussiås.

- Vi kjem til å fremje eit krav overfor Indremisjonen innan kort tid, seier han.

Erik Furnes
Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Vil hjelpe

Krinssekretær i Sunnmøre Indremisjon, Erik Furnes, seier dei vil kome med ein offentleg uttale til dei tidlegare barneheimsbarna i slutten av veka.

Indremisjonen vil også tilby seg å dekke advoktatutgiftene deira og å hjelpe dei med å få offentleg erstatning, men Indremisjonen vil ikkje kunne gi dei erstatning for tort og svie, seier han.

- Det er jo for det fyrste at der ikkje, ut i frå dei opplysingane vi har innhenta, grunnlag for å seie at organisasjonen visste om dei påståtte tilhøva, seier Furnes.

- Ikkje i stand til å betale

No seier altså advokaten likevel at dei vil kome med krav overfor Sunnmøre Indremisjon, noko som organisasjonen då må ta stilling til, seier han.

- Det må vi halde oss til når eit eventuelt nytt krav kjem, seier Furnes.

- Det er klart at vi er ein organisasjon som ikkje vil vere i stand til å kunne gje ei type erstatning som vil vere noko anna enn ei symbolsk sak, seier Erik Furnes, som er krinssekretær i Sunnmøre Indremisjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL