Hopp til innhold

Ny avis fekk nynorskpris

Redaktør Inger Stavelin i ÅmliAvisa i Aust-Agder fekk onsdag prisen "Årets nynorskbrukar 2008".

Inger Stavelin og Magnhild Meltveit Kleppa
Foto: Gaute Øvereng

Det var statsråd Magnhild Meltveit Kleppa som overrekte prisen under opningshøgtida til Dei Nynorske Festspela i Ivar Aasen-tunet.

ÅmliAvisa blei starta 1. mars i år, og redaktøren sa i takketalen at ho hadde mange val å ta før avisa først kom ut. Språkvalet fall på nynorsk fordi dette er hovudmålet i sørlandsbygda og det skriftspråket som ligg nærmast opp til åmlidialekten.

– Det er svært inspirerande å få ein slik pris. Dei 50 000 som følgjer med prisen kjem svært godt med, for det er enno to år igjen før ÅmliAvisa kan motta pressestøtte. sa Inger Stavelin i sin takketale.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL