Hopp til innhold

Unge fiksar på fasaden

Stadig fleire unge ynskjer tannregulering av reint kosmetiske årsaker.

I tannlegestolen
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I fjor hadde 34 prosent av 12-åringane i Møre og Romsdal behov for tannregulering, syner tal frå fylkestannlegen.

Fylkestannlege Odd Bjørdal seier at dette omfattar både dei som har alvorlege bittfeil og dei som ynskjer regulering for utsjånaden sin del.

Kjeveortoped Amund Berset har jobba med barn i ei årrekkje og han ser store endringar dei siste åra.

Før fekk han inn mest born som trengte avanserte behandlingar, medan det i dag er mange som berre treng enklare inngrep.

Det estetiske

Det estetiske har blitt meir vektlagt og dermed er det fleire som ynskjer tannregulering.

- Det hender vi synes det er overdrive, når folk ynskjer å bruke pengar på behandling som ikkje er naudsynt . Men kvar einskild må få bestemme sjølv, seier Berset.

De tener jo pengar på dette?

- Faren er jo å byrje å bruke estetikken reint marknadsmessig og presse behandling på folk. Det er difor ein fordel at ikkje er for mange av oss kjeveortopedar, seier Berset. I Møre og Romsdal er det rundt 10 slike ortopedar og hos Berset er det for tida ventelister på over eit år.

Flest jenter

Tannregulering

Mari Flem Vaksvik og Anette Sjåstad ved Spjelkavik ungdomsskole meiner det er viktig å ha pene tenner.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kjeveortopeden opplever at det er flest jenter som ynskjer tannregulering for å få eit finare smil.

Mari Flem Vaksvik og Anette Sjåstad ved Spjelkavik ungdomsskole meiner det er viktig å ha pene tenner. Mari har tannregulering, medan Anette er ferdig.

- Eg trengte vel kanskje ikkje regulering, men valde å gjere det likevel, seier ho.