Hopp til innhold

Helse Sunnmøre tar sjølvkritikk

Styret i Helse Sunnmøre tar sjølvkritkk for at dei stengde fødeavdelinga i Volda i sommar. Ein rapport viser at belastninga var svært stor både for dei fødande og dei tilsette.

 

Sjukehuset i Volda
Foto: NRK

Marthe Styve Holte og Astrid Eidsvik

Marthe Styve Holte

Foto: Berit Susanne Kjølås / NRK

Styret oppnådde målet med å spare pengar, men ser i ettertid at dei menneskelege konsekvensane ikkje blei tatt nok omsyn til.

Styret vil prøve å spare pengar på andre måtar i framtida.

Tar kritikken på alvor

Styreleiar Marthe Styve Holte tar kritikken på alvor, men seier det ikkje er enkelt å tilfredsstille alle alltid.

- Det er ei utfordring at mange skal vere tilfredse, og det trekker i ulike retningar, seier Styve Holte.

Stenginga blei innført for å spare pengar. Det oppnådde styret. Men den menneskelege faktoren oppsummerast som utrygt for dei fødande og stressande for dei tilsette.

Skapte angstproblem

Det skjedde ingen komplikasjonar for dei fødande som sokna til den feriestengde avdelinga i Volda. Men tilbakemeldingane frå dei fødande er av ei slik ordning er krystallklar. Dei fødande fekk angstproblem og var redde for at dei ikkje skulle få den hjelpa dei ønskte. Styret følte seg pressa til å gjere dette for å spare pengar, men vedgår no at dette var dumt.

Styve Holte vil likevel ikkje love at det aldri kjem til å skje igjen.

- Eg trur ikkje vi kan love noen pasientgruppe noe, seier Styve Holte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL