Hopp til innhold

Bjørnen herjar framleis

Bjørne-jegerane i Nesset og Rauma kom tilbake frå jakta utan resultat i helga. I to døgn har dei leitt etter rovdyret som truleg har tatt livet av 13 sauer berre i Vistdalsområdet. I helga blei det funne to nye kadaver.

Bjørnen har vore på ferdet i Vistdal, Nesset.
Foto: per vidar kjølmoen

Bjørnen som truleg står bak omfattande sauedrap går difor framleis laus. Dei lokale jegerane som var ute i helga klarte ikkje å kome på sporet av bjørnen, sjølv med hjelp frå to fagfolk frå Statens naturoppsyn.  

Viltforvaltar Hogne Frydenlund i Nesset ber no alle turgåarar melde frå dersom dei finn nye sauekadaver.

Fellingsløyvet gjekk ut søndag kveld.

Viltstyresmaktene reknar det som sannsynleg at det er ein hannbjørn som no er på streif i Nesset. Det er langt frå Nesset til dei områda i landet som har fast bjørnestamme, og bjørnen i Nesset har derfor minimal verdi for etablering av ein levedyktig bjørnebestand i Noreg, meiner dei.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL