Hopp til innhold

Bjørn drepte sau

Sauebøndene i Nesset er uroa etter at ein sau er tatt av bjørn i Vistdalen. Det har ikkje vore bjørn i dette området før.

Bjørnen har tatt ein sau i Vistdalen i Nesset kommune.
Foto: privat

I løpet av helga har ein sau blitt drept av bjørn i Vistdalen i Nesset kommune.

Dag Ringstad i Statens Naturoppsyn i Nesset, oppmodar folk om å vere forsiktige når dei ferdast i området. Ingen har sett bjørnen, men skadane på sauekadaveret viser tydeleg kven det er som har vore på ferde.

- Vi skal no leite etter fleire sauekadaver, fortel Ringstad.

Rundt 400 sau og lam beitar i området.

Bøndene er uroa

- Dei som har sau i området er sjølvsagt uroa, og vanlege folk som skal på tur i fjellet bør tenke seg godt om og vere forsiktige, seier Dag Ringstad.

Ikkje uvanleg

Trond Haukebø, seksjonssjef i naturforvaltninga i Møre og Romsdal, fortel at det ikkje er uvanleg at bjørnen kjem innom fylkesgrensa.

- Men vi er ikkje noko bjørnefylke, og vi skal heller ikkje bli det, seier Haukebø.

For to år sidan drepte bjørn meir enn femti sauer og lam i sunndalsområdet. Den gongen vart det gitt fellingstillatelse.

- Sjølvsagt fryktar vi at det same skal skje igjen, og det er ikkje ønskeleg. Men vi må rekne med slengarar av bjørn som kjem innom fylket vårt, og vi må ikkje overreagere, seier Haukebø.

Må tåle litt skade

 - Det er enno ikkje nødvendig med fellingstillatelse. Vi har snakka med sauenæringa, og dei er klar over situasjonen. Vi må tåle litt skade, men vi skal ikkje ha mykje skade her i fylket før vi kjem med tiltak.

Haukebø fortel at han har fått signal frå bøndene om at dei vil følge ekstra godt med sauene sine no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL