21.11.2009

Vernar telefonkioskar

Telefonkiosken på Bjørke (NRK)

Telenor ville fjerne telefonkiosken på Bjørke i Hjørundfjorden i 1997, mot sterke protestar frå bygdefolket. No blir kiosken freda.

NRK

Seks telefonkioskar i Møre og Romsdal skal vernast.

Avtalen mellom Telenor og riksantikvaren sikrar 100 telefonkioskar i Noreg for framtida. Telenor pliktar med denne avtalen å halde ved like dei 100 kioskane for framtida.

Ulike kriterium

I Noreg står det i dag att berre 420 telefonkioskar, medan det på 1970-talet var heile 6000 kioskar spreidde rundt i landet. Direktør i Norsk Telemuseum Eli Hall seier dei har hatt fleire ulike kriterier når dei har valt ut kva for boksar som skal vernast.

Telefonkiosken si historie

Telefonkiosken vart teikna av arkitekt Georg Fredrik Fasting etter ein konkurranse utlyst av Telegrafvesenet 5. mai 1932.

Kiosken er på DOCOMOMO (Documentation of Modern Monuments) si liste over moderne designikon.

Kjelde: Norsk Telemuseum

- Den geografiske spreiinga har vore viktig. Det skal vere kioskar frå heile landet. I tillegg er det bra om dei står synleg i terrenget. Om dei står i eit stilriktig område eller om dei står i kontrast til omgjevnadene sine har ikkje så mykje å seie, fortel direktøren.

Skal stå til evig tid

Ho skulle gjerne verna alle kioskane som er att i Noreg, men med åra har dei sett at ein må spesifisere kva for kioskar som skal vernast for å unngå at dei blir fjerna.

- Det ser ut til å vere eit realistisk mål å verne desse 100 kioskane, og dei skal no stå til evig tid, seier Hall.

Her står dei seks kioskane som skal vernast i Møre og Romsdal:

  • Årvik ferjekai, Sande
  • Bjørke, Ørsta
  • Festøy ferjekai, Ørsta
  • Kongens gate 6, Ålesund
  • Geiranger, Stranda
  • Rasteplassen ved Trollveggen, Rauma
(NRK)

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Mobbing er eit viktig tema (Foto: Birthe Bringsvor/NRK)

- Mobbing er ikkje eit problem i skulegarden ved Sykkylven ungdomsskule, meiner 8.klassingane Kristoffer Bonesmo, Anne Marte Eliassen, Ida Melseth og Siri Kristin Eide.

Foto: Birthe Bringsvor/NRK

- Mobbing er ut

Elevane ved Sykkylven ungdomsskule er einige om at det er viktig å snakke om mobbing.


Fest og feiring med bløtkake da høgskolen i Molde fikk status som vitenskapelig høgskole.  (Foto: Gunnar Sandvik/NRK)

Fest og feiring med bløtkake då Høgskolen i Molde fekk status som vitskapeleg høgskule. Førsteamanuensis Martin Risnes og prorektor Harald Hjelle.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Vert vitskapeleg høgskule

Frå 1. januar 2010 heiter Høgskolen i Molde 'Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk'.


Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK