Hopp til innhold

Ruteplanleggjarar på nett forvirrar

Trasévala er ulike, og køyretida varierer med fleire timar på same strekning.

Faksimile frå fire ruteplanleggjarar på nettet

Ruteplanleggjarane Visveg, Mappy.com, Veiatlas.no og Opplysningen 1881 fører deg over fire ulike fjellovergangar mellom Oslo og Bergen.

Nettbaserte ruteplanleggjarar gjev ei detaljert oversikt over kvar du bør køyre for å kome deg frå ei adresse til ei anna. Du får kart over ruta, opplysningar om avstand og detaljar om kor lang tid turen tek.

Tenestene er tilsynelatande enkle, men ruteforslaga kan skape full forvirring. Effektiv køyretid mellom Jernbanetorget i Oslo og Torgallmenningen i Bergen varierer med fire og ein halv time i dei ulike ruteplanleggjarane nrk.no har testa.

I tillegg blir du sendt ut på fire forskjellige køyreruter.

Ruteplanleggjar for Oslo - Bergen

Ruteplanleggjar

Tid

Km

Fjellovergang

Finn.no/Opplysningen 1881

7 timar 18 minutt

496,1

Rv52 Hemsedalsfjellet

Google Maps

7 timar 34 minutt

498

Rv52 Hemsedalsfjellet

Gule sider/ norgeskartet.no/Kvasir

7 timar 22 minutt

520,3

E16 Filefjell

Maporama.com

5 timar 58 minutt

515

Rv52 Hemsedalsfjellet

Mappy.com

7 timar 32 minutt

521,3

E16 Filefjell

NAF

7 timar 5 minutt

496,6

Rv52 Hemsedalsfjellet

Visveg (Statens vegvesen)

7 timar 53 minutt

483,7

Rv7 Hardangervidda

Veiatlas.no

10 timar 21 minutt

526,8

E134 Haukelifjell

ViaMichelin

7 timar 33 minutt

497

Rv52 Hemsedalsfjellet

Med 5 timar og 58 minutt legg Maporama.com opp til råkøyring mellom dei to største byane i landet. Her gjeld det å stå på gassen! Norske fartsgrenser har den internasjonale tenesta tydelegvis ikkje høyrt om.

Planleggjaren opererer med ein gjennomsnittsfart på heile 82 kilometer i timen. Her tek ein ikkje høgde for at norske vegar er fulle av hol og krappe svingar.

LES: På humpetur i Hallingdal

LES: - E16 er kjerreveg

Viser fotoboksar

Har du intensjonar om å grisekøyre, kan det vere nyttig å ha med seg ei utskrift frå planleggjaren til Gule sider, norgeskartet.no eller Kvasir.

Dei tre planleggjarane inneheld dei same opplysningane, og har informasjon om kvar fotoboksane langs strekninga står.

Veiatlas.no. legg derimot opp til eit tempo som kan passe tyske bubil-turistar. Ifølgje ruteplanleggjaren som baserer seg på Map24.com, må du sitje 10 timar og 21 minutt bak rattet om du tek turen mellom Oslo og Bergen.

Alle ferdsleårene mellom aust og vest har kvar sine tilhengarar, og dei ulike distrikta skrik etter pengar til betre veg. Lokale media støttar opp om all statistikk som kan syne at vegen i deira dalføre er det beste alternativet.

Ruteforslaget til Veiatlas.no er det einaste som går over Haukelifjell, trass i at dette var den mest trafikkerte fjellovergangen mellom aust og vest dei fyrste seks månadene i år.

Ikkje til å stole på

Odd Willy Aas er utviklingsingeniør for Visveg, ruteplanleggjaren til Statens Vegvesen. Han vedgår at ein ikkje skal stole blindt på ruteplanleggjarane.

- Felles for alle ruteplanleggjarar på nettet er at dei aldri blir 100 prosent korrekte. Dei er likevel nyttige og gode hjelpemiddel, seier han.

Reiseplanleggjarane opererer med ulike reknestykke for kva som gjev den beste køyreruta. Det kan vere ei av årsakene til at rutene og køyretidene blir forskjellige.

Oversikt på Gol over vegar mellom aust og vest

Frå Gol i Hallingdal har du tre alternativ når du skal vestover. Fem av ni ruteplanleggjarar fører deg den lengste vegen over Hemsedalsfjellet til Lærdal.

Foto: Ivar Folkedal / NRK

- Køyreruta skal vere trygg og grei for ukjente bilistar. Hovudvegar blir derfor prioriterte høgare enn mindre vegar, sjølv om småvegar av og til fører raskare fram til målet, seier webredaktør Siri Grøstad i NAF.

Varslar om feil

Opplysingane til NAF blir oppdaterte tre til fire gonger i året. I mellomtida kan det oppstå nye trafikkmønster.

- Vi får ofte beskjed frå lokale folk som påpeikar feil val av køyrerute. Hovudårsaka er at nye køyremønster ikkje er oppdaterte i planleggjaren, forklarar Grøstad.

Klager er også vanleg for Statens vegvesen.

- Vi tek imot tilbakemeldingar om alt frå feil i adressepunkt, stadnamn og vegtrasear, til at dette er eit nyttig og fint verktøy, opplyser Aas.

Ruteplanleggjarane til Vegvesenet og til NAF har fleire individuelle tilpassingar som kan gjere opplysningane meir detajerte. Begge tilbydarane arbeider for tida med oppgraderte versjonar av tenesta.

- Hemsedalsfjellet er best

Haukedal Transport & Spedisjon i Bergen har 12 til 16 vogntog som går i skytteltrafikk mellom Aust- og Vestlandet. Dagleg leiar Over Marøy er ikkje i tvil om kva som er den beste køyreruta.

Trafikkskilt på Gol viser vegen over Hemsedalsfjellet

Haukedal Transport & Spedisjon køyrer Rv7 til Gol og Rv52 vidare til Lærdal.

Foto: Ivar Folkedal / NRK

- Vi køyrer Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Det er det raskaste alternativet, og den fjellovergangen som er minst stengt om vinteren, kjem det kjapt frå bergensaren.

I 2013 skal Hardangerbrua stå ferdig. Hardingane og hallingane jublar over at Rv7 blir styrka, samstundes fryktar nabodistrikta at trafikken og løyvingane til veg skal gå ned i deira område.

LES: Hardangerbrua ut på anbud igjen

Marøy ser for seg at køyremønsteret vil endre seg når ferjesambandet mellom Brimnes og Bruravik blir erstatta med ei av dei lengste hengebruene i verda.

- Då kjem vi til å køyre Riksveg 7 over Hardangervidda. Det er kanskje den beste vegen, men per i dag køyrer vi ikkje der for å sleppe å ta ferje, forklarar han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger