Mindreårige asylsøkjarar frå Eritrea på Hvalstad mottak i Asker
Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Rekordmange sender ungar til Noreg

– Norsk asylpolitikk bidreg til at rekordmange sender borna sine hit, meiner integreringsekspert. Einslege mindreårige opplever vald, tvangsarbeid og livsfare på vegen til Noreg og psykiske plagar i etterkant.

– Smuglarane tvinga oss til å bæra murblokker og sement til eit hus dei skulle byggja. Dei sa «fort deg» og slo og sparka oss for at me skulle jobba hardare. «Jævla eritrearar», kalla dei oss.

Han flakkar med blikket, 17-åringen frå Eritrea med dei korte, svarte krøllene og den holete dongeribuksa.

På Hvalstad asylmottak for einslege mindreårige i Asker har han fått seg kameratar frå

Einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg

År

Einslege mindreårige

asylsøkjarar

2013

1048

2014

1204

2015

4950

heimlandet, men den 11.000 kilometer lange reisa hit la han ut på åleine – gjennom Etiopia, Sudan, Libya, over Middelhavet og Europa på langs.

Rekordmange einslege barn og unge

Aldri før har det kome så mange einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg, nær 5000 hittil i år, ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI).

Meir enn 700 av desse kjem frå Eritrea – godt over sju gonger så mange som for fem år sidan.

Sylo Taraku i LIM

Sylo Taraku er generalsekretær i LIM-nettverket (Likestilling, Inkludering og Mangfald).

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Det er norsk asylpolitikk som oppmuntrar eritreiske foreldre til å senda borna sine på flukt til Noreg, meiner Sylo Taraku, generalsekretær i LIM (Likestilling, Inkludering og Mangfald) og tidlegare underdirektør i UDI.

– Den norske asylordninga har ein del utilsikta effektar, blant anna at mange foreldre sender borna sine hit, seier Taraku til NRK.

Så godt som alle einslege mindreårige som kjem til Noreg frå Eritrea får nemleg opphald her, fordi dei risikerer langvarig nasjonalteneste i heimlandet.

Å flykta til Europa og Noreg er likevel ikkje nødvendigvis det beste for desse borna, meiner Taraku i LIM.

707 enslige mindreårige flyktninger har kommet fra Eritrea i år. 541 av dem er 16–17 år. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

Gut (16): – Blei slått med jernstong

– Det er trist å høyra om kva dei opplever undervegs. Me veit at mange døyr på vegen hit, mange opplever svært traumatiske hendingar og store påkjenningar. Det å flytta til eit framand lang kan i seg sjølv vera ei stor påkjenning og det er ikkje sikkert at det er barnet sjølv som har teke avgjerda om å flytta frå alt dei kjenner.

Det er nemleg lite sannsynleg at mindreårige asylsøkjarar frå Eritrea greier å ta seg til Noreg utan støtte frå nær familie, ofte mor og far, stadfestar Landinfo, eit uavhengig ekspertorgan for norske utlendingsstyresmakter.

– Me stal nudlar og ville ikkje sladra på kvarandre. Difor slo menneskesmuglarane alle saman. Ein gong blei eg slått med ei jernstong.

Einsleg asylsøkjar (16) frå Eritrea

Eritreiske foreldre sine motiv er gjerne å gje borna ei betre framtid, at dei skal kunne senda pengar heim og sleppa den hata, obligatoriske nasjonaltenesta, ifølgje Landinfo.

Det er langt ifrå eit eventyr dei legg ut på. Dei eritreiske gutane på Hvalstad sit tilbake med mange vonde minne.

– Me stal nudlar og ville ikkje sladra på kvarandre. Difor slo menneskesmuglarane alle saman. Ein gong blei eg slått med ei jernstong, både i hovudet og på ryggen, fortel ein 16 år gamal eritrear til NRK.

Han fortel om skyting mot bilane dei blei smugla ut i og om dødsangsten då båten over Middelhavet tok inn vatn. Diskriminering av ikkje-muslimar er også vanleg blant menneskesmuglarane, seier den unge guten.

– Dei som var muslimar fekk god mat og alt dei trengde, medan dei slo og sparka oss andre.

Einslege mindreårige asylsøkjarar på Hvalstad mottak i Asker

Einslege mindreårige eritrearar på Hvalstad mottak i Asker fortel om valdelege menneskesmuglarar, tvangsarbeid og ei livsfarleg reise gjennom Libya og over Middelhavet.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Depresjon og traume

Etter å omsider ha kome seg til Noreg er det mange som slit med psykiske problem, viser ei mangeårig kartlegging Folkehelseinstituttet (FHI) har gjort av psykisk helse hos einslege mindreårige asylsøkjarar i Noreg.

Svært mange, og langt fleire enn norske vidaregåande-elevar, har depresjon og symptom på posttraumatisk stress: søvnproblem, apetittmangel, einsemd, humørsvingingar, plagsame minne og mareritt.

Dei psykiske plagene har ofte ein samanheng med det dei har opplevd undervegs, seier seniorforskar ved FHI, Brit Oppedal.

– Særleg flukta over Middelhavet og gjennom ørkenen der ein går og er redd heile tida for sitt eige liv og opplever mange skumle ting. Det kan bli traume som dei slit med etter at dei kjem til Noreg og som i tillegg gjer dei meir sårbare overfor daglegdagse problem med lekser, økonomi og diskriminering, fortel seniorforskaren.

– Har det betre i Noreg

Seniorforskar Brit Oppedal i Folkehelseinstituttet

Seniorforskar Brit Oppedal i Folkehelseinstituttet har forska på psykisk helse blant einslege mindreårige asylsøkjarar i Noreg.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Høgre og Framstegspartiet la nyleg fram ei liste med 15 forslag til asylinnstrammingar, inkludert tiltak for å førebyggja at born og unge blir sende på flukt. Blant desse tiltaka er omsorgssenter for einslege mindreårige i opphavslanda og strengare reglar for familieinnvandring.

Trass i vanskane dei møter på under og etter reisa, trur seniorforskar Oppedal at svært mange av barna får det betre her enn i opphavsland prega av krig, konflikt og fattigdom.

Ho får full støtte frå Noas, Norsk organisasjon for asylsøkjarar.

Topp ti opphavsland for einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg

Statsborgarskap

Totalt jan.-nov. 2015

Afghanistan

3142

Eritrea

707

Syria

509

Somalia

141

Etiopia

139

Irak

70

Statslaus

48

Iran

36

Pakistan

28

– Nesten alle einslege mindreårige frå Eritrea som har fått opphald i år, har fått det på bakgrunn av eit vernebehov. Det får dei ikkje fordi dei har opplevd vanskelege ting på vegen hit, men fordi menneskerettssituasjonen i Eritrea er vanskeleg og fordi Noreg er plikta til å følgja internasjonale konvensjonar, seier Noas-rådgjevar Mona Reigstad Dabour.

Ho viser også til at talet på einslege mindreårige på flukt har gått opp i heile Europa.

– I lys av den svært svekte menneskerettssituasjonen i Eritrea må me ikkje overvurdera effekten av norsk politikk på kor mange eritreiske barn og unge som legg ut på flukt, seier Dabour til NRK.

Flykta til Noreg i redsle

Med dempa røyster teiknar dei eritreiske ungdomane på Hvalstad asylmottak i Asker eit bilete av kva dei har opplevd og kvifor dei drog. Av og til utførleg, av og til fåmælt.

Alle tre står fast ved at dei sjølve tok valet om å reisa og viser til vanskelege kår i Eritrea. To fortel at dei rømde frå heimlandet sitt i redsle etter å ha blitt arresterte. Den eine fordi regimet mistenkte han for å skulle flykta, den andre fordi far hans nekta å fortsetja i militæret.

Foreldra sine i Eritrea har dei alle jamleg kontakt med. Gutane erkjenner at dei saknar mor og far, men har ikkje mista pågangsmotet på dei lumske 11.000 kilometerane til Noreg.

– Det blir vanskeleg og mykje sakn, men eg trur eg skal greia å overleva, seier 17-åringen med det flakkande blikket.