Hopp til innhold

Nav-direktøren trur vi får ein debatt om pensjonsalderen

Måndag passerte Noreg ein million pensjonistar. Det vil seie at kvar sjette nordmann er pensjonist. Nav-direktøren meiner det er naturleg at vi no får ein debatt om pensjonsalderen.

Hans Christian Holte

Arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte meiner det er naturleg at Noreg får ein debatt om pensjonsalderen etter at vi passerte ein million alderspensjonistar måndag.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Auka levealder, store etterkrigskull og pensjonsreforma som kom for ti år sidan har bidrege til ein stor auke i talet på alderspensjonistar.

Måndag fekk Noreg offisielt ein million pensjonistar. Det vil seie at kvar sjette nordmann no er pensjonist.

– Dette viser at vi har ein stor del av folket som er alderspensjonistar. Og så er det interessant å sjå at ein stor del av desse også er i arbeidslivet, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Hote.

I forbindelse med pensjonsreforma i 2011 blei det mogeleg for folk å ta ut pensjon frå fylte 62 år, og jobbe ved sidan av. Over 100.000 har nytta seg av dette, viser tal frå Nav.

Trur vi får pensjonsdebatt

Auka levealder og betre helse gjer at auken i alderspensjonistar kjem til å halde fram i 20 år til. Dei neste åra ventar Nav at talet på alderspensjonistar i snitt skal auke med 100.000 kvar fjerde år.

Holte trur at denne utviklinga vil gjere at det tvingar seg fram ein debatt om pensjonsalderen i Noreg.

– Levealderen går jamt oppover. Det vil seie at det kan vere mykje igjen av livet om ein går av med pensjon for eksempel ved fylte 62 år. Både for eigen og samfunnets del kan det vere rett å tenke at pensjonsgrensa blir heva.

Les også: William (28) tok grep – Det kan gi han flere hundre tusen kroner mer i pensjon

Les også: Saksøker staten: – Det er et pensjonsran

Kan måtte betale meir

Både Sverige, Danmark og Finland har heva pensjonsalderen, og har vedteke å gradvis auke i pensjonsalderen vidare dei komande åra.

Også i Tyskland må ein jobbe lenger før ein kan pensjonere seg.

Skal Noreg halde fram som i dag, må vi vere villige til å betale meir, seier Holte

– Auken i pensjonistar har også ein effekt på berekrafta i pensjonssystemet. Vi må ha ein høgare skatteinngang for å finansiere det systemet vi har i dag.

Les: Unge Venstre: – Eldre må senke krava og betale meir

AKTUELT NÅ