Unge Venstre: – Eldre må senke krava og betale meir

Helse og omsorg vil krevje ein million årsverk i 2060. Eldre veljarar må senke krava til velferd og bu seg på å betala meir, meiner Unge Venstre.

Sondre Hansmark, leder Unge Venstre

Unge Venstre ber eldre veljarar realitetsorientere seg for å unngå at dei som kjem etter ikkje blir «generasjon nullpensjon».

Foto: Johan Malvik

– Det er fint at folk er friskare og lever lenger, men eldre veljarar må ta innover seg realitetane, seier Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

I dag er det vel 600.000 nordmenn som er eldre enn 70 år. I 2060 vil talet vere 1,3 millionar.

Same år kan eitt av fire årsverk i arbeidslivet vere innan helse og omsorg.

Det viser utrekningar SSB har gjort, og det er det forsiktige anslaget. Talet kan også vere så høgt som 40 prosent.

Dette er bakgrunnen for den «velferdskrisa» Hansmark ser kome.

– Folk må stå lenger i arbeid. Då vi laga dagens pensjonssystem, var det ingen som venta at folk kom til å vere pensjonistar i så mange år som i dag, seier han.

Han legg til at folk må senke krava til velferdsytingar og bu seg på å betale for helsetenester:

– Vi må ta grep alt no. Elles kan vi bli fyrste «generasjon nullpensjon», seier han.

Margret Hagerup (H) i arbeids- og sosialkomiteen skriv i ein kronikk i Aftenbladet at plikta til å fråtre ved særaldersgrense er «overmoden for å fjernast».

– I dagens samfunn er folk friskare og lev lengre, det vert fødd færre barn og samfunnet treng fleire hender i arbeid. Då er det bakvendt å tvinge folk som både kan og vil jobbe, ut av arbeidslivet, skriv ho.

– Svaret er ikkje å kutte seg inn i framtida

Astrid Hoem er leiar i AUF. Ho deler uroa, men ikkje svara.

– Eg er redd vi kan bli den første generasjonen som får færre moglegheiter enn foreldra våre, seier ho.

Ho legg til:

– Men svaret er ikkje å kutte seg inn i framtida. Eg trur vi er nøydde til å byggje ut velferdsstaten.

Statsminister Erna Solberg og Ap-leiar Jonas Gahr Støre sa til NRK i august at ny velferdsteknologi vil kompensere for alle hendene som vil vere naudsynte.

– Med ny teknologi så kan vi greie det, sa Støre.

Folkemøte med statministerkandidatene.

NY TEKNOLOGI: Statsminister Erna Solberg og Ap-leiar Jonas Gahr Støre sa til NRK i august at ny velferdsteknologi vil kompensere for alle hendene som vil vere naudsynte.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Draumen til Gerhardsen

Det såkalla Hagen-utvalet definerte velferdsteknologi som teknologisk assistanse som bidrar til tryggleik, sosial deltaking, mobilitet og «og styrker evna til å klare seg sjølv i kvardagen trass i sjukdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne».

Professor ved senter for omsorgsforsking, Oddvar Førland, var meir atterhaldsam.

– Teknologien kan ikkje hjelpe folk å bevege seg, få mat og drikke, eller skaffe hjelp på toalettet, sa han.

AUF-leiaren meiner eldreløftet fyrst og fremst er eit spørsmål om vilje.

– Eg trur ikkje Gerhardsen spurte om vi hadde råd til det då han drøymde om velferdsstaten. Han sa: Det vi ha råd til.

Skoleklasse med bare seks elever igjen

Tanja er den einaste jenta på biletet som har flytta heim

Nær ein av tre norske kommunar hadde 20 eller færre fødslar i fjor.

Familien Selvaag flyttet fra Oslo til Lillehammer.

Forskning viser at koronalivet er bedre i distriktet: – Det ble kvelende å være i Oslo

De drømte om mer luft og natur, og mindre nedstengt by. En ny studie slår fast at folk i storbyen har slitt mest.

Truls Bernhardsen vil helst bli buande i Kariel i Finnmark

Dei fleste bygdeungdom er som Truls. Dei vil bu, leve og døy på bygda.

Det er ikkje slik at alle bygdeungdommar vil flytte til byen. Fleirtalet vil helst bli buande på bygda, viser ei fersk undersøking. Men dei stiller nokre krav.

Marja-Elina Ballovara Varsi

Legestudenten Marja er like viktig for helsen som for et truet språk

Marja-Elina Varsi har gjort som tusenvis av andre samer: Flyttet fra bygda til byen. Nå håper ordføreren i hjemkommunen at hun kommer tilbake.

Sunniva Antonsen Remmen (26) er finansanalytiker og jobber fra Træna, hvor hun er fra.

Sunniva jobber med finans for San Francisco-selskap fra øy med 400 innbyggere

Hun begynte med hjemmekontor hos foreldrene da pandemien brøt ut. Nå har Sunniva Antonsen Remmen (26) kjøpt seg hus på Træna.

Mathilde Leivseth, den store folkevandringa, hamarøy, befolkningsfremskriving, telemarksforskning, ssb.

SSB mener Mathildes (20) hjemkommune skal vokse – forsker mener det er en grov bom

SSB spår vekst i folketallet i Hamarøy og mange andre kommuner i distriktene de neste 20 årene. Forsker mener SSB tar systematisk feil og mener de vil få en mye større nedgang.

innvandring-vang-040321

Anna og Piotr har vore med på å berge folketalet på bygda, men no snur det

No stansar innvandringa opp, og det kan få alvorlege følgjer for distriktskommunar.

Sara Mathisen og samboeren Joachim gikk mot strømmen da de satset all tid og penger på å pusse opp et gammelt hus på Værøy i Lofoten.

Sara og Joachim måtte gi opp å bygge nytt: – Har pusset opp for 5 millioner

I en av kommunene der det bygges færrest boliger, fikk Sara og Joachim knapt lån til å kjøpe et gammelt, forfallent hus.

Iselin Nybø

Berre ti søkte på departementsjobbar som var meint for folk frå distrikta

Det kom færre søkarar enn normalt då Næringsdepartementet gjorde det mogleg å søka på departementsjobb,