Hopp til innhold

Massivt krav om kalorimerking av alkohol

– Kalori- og innhaldsmerking av alkoholhaldige drikkevarer er ein soleklar rett for forbrukarane, seier generalsekretær i Actis – rusfeltets samarbeidsorgan, Mina Gerhardsen. Forskarar meiner det er ein klar samanheng mellom alkoholinntak og overvekt.

Mina Gerhardsen er generalsekretær i Actis.

– Det bør vere same krava til innhaldsopplysningar for alkohol som for andre næringsmiddel, meiner Mina Gerhardsen.

Foto: Actis

Mina Gerhardsen meiner at all alkohol-emballasje må merkast med næringsmiddelinnhald, kaloriinnhald og også med helseåtvaring. Ho kan fortelje at Actis har sendt inn eit krav om dette til helseministeren, og dei kjem også til å jobbe opp mot Stortinget.

Ho meiner at det ikkje er noko poeng at Noreg skal vente på at EU skal innføre dette, det kan ta for lang tid. Ho viser til at fleire land er godt i gang med eit regelverk for merking av alkoholhaldige drikker, blant anna Bulgaria, Frankrike og Thailand.

– Positiv effekt

Vinmonopolets logo. I bakgrunn kan vi se butikken.

Vinmonopolet støttar arbeidet med å merke alkoholhaldige drikkevarer.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Mina Gerhardsen trur at ei kalorimerking av alkohol vil kunne ha ein positiv effekt på alkoholforbruket.

– Norske forbrukarar er bevisste forbrukarar. Det skulle berre mangle at dei ikkje fekk informasjon om kaloriar og næringsinnhald i alkohol, når det er eit slikt krav for alle andre næringsmiddel, seier ho til NRK.

Ho veit at fleire i næringa seier det blir for dyrt å innføre dette, men meiner det er viktig at alkohol blir likestilt med alle andre næringsmiddel.

– Mange produkt har alt eigne, norske etikettar. Det er eit paradoks at alkoholprodusentane ikkje må gjere greie for innhaldet slik andre må. Dessutan er ein del typar øl, som til dømes lite-variantane, alt merkte med kaloriinnhald. Helsa til forbrukarane og rett til å vite kva dei får i seg, bør uansett vege tyngre enn økonomien til alkoholindustrien, seier Mina Gerhardsen.

LES HEILE RAPPORTEN: Actis-rapport om alkohol og helse

Polet ynskjer lovendring

Leiar for produktkvalitet i Vinmonopolet, Kirsti Behrens, seier til NRK at Vinmonopolet er positiv til innføring av kalori- og innhaldsdeklarasjon for alkoholhaldige drikkevarer.

– Vi skulle ynskje at det var same reglane for alkohol som for andre næringsmiddel, men vi følgjer dei gjeldande reglane. Vi informerer om alkoholstyrke og stoff som fok kan vere allergiske mot, seier ho.

Ho fortel at nokre leverandørar er positive til å opplyse om innhaldet, medan andre er negative. Og det gjer at det er vanskeleg å få til ei frivillig ordning.

Petter Nome

Petter Nome og Bryggeriforeningen støttar kravet om kalori- og innhaldsmerking av alkoholhaldige drikkevarer.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

– Motiva er nok ulike, og det kan gjere at dei som er positive til å gi den informasjonen, kan oppleve det som negativt å gi opp det så lenge konkurrenten ikkje gjer det. Derfor er det nødvendig med ei lovendring, seier Kirsti Behrens.

Om eller når ei slik lovendring kjem, så trur ho ikkje det vil gi noko prismessig utslag for varene.

Full støtte frå bryggeria

Direktør Petter Nome i Bryggeriforeningen seier at spørsmålet om merking er eit stort diskusjonstema i Europa, og at den europeiske paraplyorganisasjonen, Brewers of Europe, har ei klar haldning.

– Det er full støtte til merking av kaloriar, ingrediensar og næringsinnhald i øl. Forbrukarane har eit opplagt krav på kunnskap om kva dei puttar i munnen, seier Nore til NRK.

Han meiner at årsaka til at dei nye matføreskriftene i EU ikkje omfattar alkohol over 1,7 prosent, er intens motstand frå vin- og spritprodusentane.

– Det kan lang tid å innføre ei obligatorisk merkeordning, men Brewers of Eruope oppmodar bryggeria om å innføre frivillig merking. Vi har saka på bordet her i landet, og eg håpar at bryggeria vil følgje opp med frivillig innhaldsmerking, legg Nome til.

– Alkohol gjer feit

Ei undersøking frå Storbritannia viser at alkoholinntak er eit vesentleg bidrag til den fedmeepideiem lande opplever, og at så mange som 80 prosent av deltakarane ikkje hadde peiling på kor mange kaloriar det var i alkohol.

I konklusjonen i rapporten frå Royal Society for Public Health (RSPH) heiter det blant anna at folkehelsa i Storbritannia er trua av ein fedmeepidemi og skade var årsak til av uansvarleg høgt inntak av alkohol. Dei krev no at all alkohol skal merkast med kaloriinnhald, men har møtt motstand frå bransjen.

– Eg trur ikkje folk tenkjer på det. Folk ser nøye på kaloriinnhaldet når dei skal ete lunsj, og sjekkar nøye når dei kjøper mat. Vi forstår merkinga, men det folk tenkjer ikkje på dette når dei drikk alkohol ute på byen, seier toppsjefen i RSPH, Shirley Cramer, til Guardian Online.

I den britiske undersøkinga går det også fram at dei som drikk mykje på ein gong, altså mange alkoholeiningar, har langt høgare risiko for å bli overvektige enn dei som drikk oftare, men med færre alkoholeiningar for kvar gong.

Risiko for sjukdomar

Britiske styresmakter reknar med at to tredelar av alle vaksne er feite eller overvektige, og at alkohol er ei viktig årsak. Overvekt gir auka risiko for livstruande sjukdomar som hjartesvikt, slag, kreft og diabetes type 2.

Som døme på alkoholinnhaldet i alkoholhaldige drikkevarer, kan det vere verd å nemne at ei flaske vin med 13 prosent alkohol gir 640 kaloriar. Ei flaske rusbrus (0,35 l) har 170 kaloriar, medan ein halvliter med pils har rundt 180 kaloriar.

Informasjonsavdelinga i Helsedirektoratet opplyser at spørsmålet om innhaldsmerking av alkohol er ei komplisert sak som dei ikkje kunne kommentere fredag.

Det var heller ikkje mogleg for NRK. no å få ein kommentar frå helseminister Bent Høie (H) om saka.

AKTUELT NÅ