Når den tidlegare geriljaleiaren frå Nord-Irak slepp ut frå Kongsvinger fengsel 25. januar, ventar kona og dei fire borna hans.
– Mulla Krekar ser fram til lauslatinga. Den første tida som ein fri mann vil han prioritera til familien sin og til å avslutta arbeidet med bøkene som han har starta på i fengselet, fortel forsvarar Brynjar Meling etter å ha snakka med klienten sin onsdag.
– Ikkje kiosklitteratur
Han kom til Noreg som kvoteflyktning i 1991, men mista statusen som asylsøkjar i 2002 og fekk utstedt utvisningsvedtak då det blei klart at han hadde vore leiar for terrorgruppa Ansar al-Islam.
Det er uvisst kven som skal gje ut bøkene til Krekar.
– Men dette er religiøs litteratur som du neppe vil finna i hyllene på Narvesen, seier Meling.
I 2010 blei det losna skot mot bustaden hans i Oslo, men han vil fortsatt bo i byen.
– Har Krekar har bede om politivern eller andre tryggingstiltak?
– Det er ting som vil bli løpande vurdert i samband med politiet. Han har vore utsett for ting tidlegare. Då er det naturleg at det pregar både han og tryggingsbehovet hans, seier Meling.
- LES OGSÅ:
Politivern
Oslopolitiet vil beskytta Krekar dersom det blir vurdert som nødvendig, stadfestar visepolitimeister Gro Smogeli.
– Me held oss til det oppdraget me eventuelt måtte få dersom Krekar buset seg i Oslo. Det kan sikkert bli aktuelt, men per no har me ikkje motteke eit slikt oppdrag, seier Smogeli til NRK.
Fordi mullaen risikerer dødsstraff i heimlandet Irak, kan ikkje Noreg senda han dit utan å bryta menneskerettane.
Justisdepartementet jobbar med å finna ut kva dei skal gjera med Krekar.
«Me jobbar no med å finna ut korleis me skal handtera lauslatinga på kort og lang sikt. Eg ønskjer ikkje å gå inn i detaljane rundt desse tiltaka på noverande tidspunkt», skriv statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) i ein epost til NRK.
- LES OGSÅ:
Ifølgje Meling vil Krekar reisa frivillig så snart «tilhøva ligg til rette for det».
– Krekar har alltid hatt eit ønske om å returnera til Irak, men slik situasjonen er no, er den meir uoversiktleg enn nokosinne i Nord-Irak med tanke på IS og maktfordelinga mellom ulike grupperingar der.